Månge damelag påmeldt til sesongen 2007

Til årets sesong i 3 divisjon damer er det påmeldt heile 12 lag. Kretsen har sett opp nokre alternative løysingar for gjennomføring av åretssesong. 1. Ein avdeling, 12 lag, 22 kampar. 2. To avdelingar, 6 lag i kvar avdeling, trippel serie med 15 kampar. (Evt. firedobbelserie, 20 kampar). Ved 2 avdelingar vert det gjort ei geografisk avgrensing. HIL sitt ynskje er at sesongen vert avvikla med to avdelingar og trippel serie(15 kampar) Desse klubbane stiller damelag i sesongen 2007: Sogndal, Årdal, Jølster, Balestrand, Kaupanger2, Høyang, Bremanger, Florø. Førde, Sandane, Breimsbygda og HIL. Dei 6 fyste laga vert i avdeling 1 og dei 6 siste vert i avdeling 2 om terminlistemøte bestemmer seg for å dele serien i 2. I følge Yngve Haakonsen i kretsen er det på det komande terminlistemøte på Skei onsdag 31.01. at dette vert bestemt. Det vert då avstemning blandt dei klubbane som møter. Då får vi krysse fingrane for at vi får det som vi ynskje på Skei på onsdag.