Gode kritikkar for Endre Lødemel

Det ser ut til at Endre Lødemel går ein stor sesong i møte. Stryn har spelt to kampar so langt i 2007 sesongen og Endre har vor kanongod i begge kampane. Seinast i treningskampen mot Eid torsdagskveld var Endre "heilt sjef" I fjordabladet laurdag står det: SUVEREN LØDEMEL, "For Stryn var Jon Terje Tjellaug og Endre Lødemel dominerande. Sistenemde imponerte stort med fart, fysikk og duellstyrke, og det er nær utruleg at ingen klubbar høgare i divisjonssystemet har plukka opp honndølen" HIL-Fotball ynskjer Endre lykke til i tida framover og kryssar fingrane for at han held seg skadefri. Stå på Endre!!!