Generalsponsor:
Web-løsning:
Sponsorar:
|
|
Då va det den andre veteranen på HIL i sesongen 2006 som skal fortelje litt.
Som kjent har Terje valt å spele for Sunnylven den komande sesongen. Her kan det lese kva Terje har opplevd i si karriere.
Spm1: Kor gammal var du når du debuterte på seniornivå i HIL? og kva årstal
var det?;)
Eg debuterte på Hil når eg var 16 år. (1984)
Spm2: Kva klubbar har du spelt for i karriera di? (kampar/mål)
Har spelt for Hil (veit ikke kor mange mål) Sunnylven (201 kampar og 345
mål), Langevåg (5 kampar om opprykk til 2 div. 1 mål) , Stranda ( 33 kampar.
2 sesongar 91. 2 div og 99 i 3 div. vart 28 mål.)
Spm3: Ditt beste minne frå karriera? Ditt beste minne frå honndalsfotballen?
Det beste minne mitt må vel vere i 98 sesongen. Da scora eg 50 seriemål for
Sunnylven(5 div). Var mykje styr rundt fotballen da. Vart og invitert til å
trene med Molde ei veke. Var ei fin veke med mykje trening og traff mange
kjekke spelarar. Kjekt å ha med seg.
Beste minne fra honndalsfotballen må vere frå siste seriekamp borte mot
årdal. Der vi ligg under 3-0 til pause og vinn 3-4. Det var ein kjempe kamp.
var vel ikkje mange som var på årdal stadion som trudde det...(har ikkje
spelt så mange kamper for hil)
Spm4: Ditt verste minne frå karriera?
Må vere ein kamp mot Hundeidvik på 90 talet ein gong. Vi spelte om opprykk.
Eg hadde scora 4 mål og vi låg under 4-5. Vi fekk straffe i 89 min. og TF
skulle ta den....................................BOM.
Var ikkje heilt bra det...............men men var ei veke med kommentarar
fra nokre verdensmeistera, så var det over. Var ein ny kamp med fleire mål.
Spm5: Din største tabbe?
Vil vel reikne spørsmål 4 som min største tabbe.
Spm6: Viss du skal rangere ein av kampane dine i karriera på topps kva kamp
vert det og kvifor?
Det må ha vore mot Ørsta i 3 div. (1999) Spelte på stranda stadion. Ørsta
var ein av favorittane vi låg vel på 3 plass da. Der var det kamp kvar
kamp..Var ein veldig javn serie der kvart min. var ein krig. Alt fungerte på
strandalaget, og vi spelte ein kjempekamp. Mange sure folk fra ørsta som
reiste ut norangsdalen den kvelden. Slo dei 3-0 og TF sto for alle 3 måla.
Spm7: Kor månge raudekort har du fått i karriera? Kan du nemne det mest
fortjente?
Er ikkje sikker. Har jo fått to berre på Hil. Har sikker eit par stk. til på
møre vil eg tru. Mest fortjent var vel på lund stadion. Fikk rekning på
eit stk. torv.
Spm8: Beste spelaren/spelarane du har spelt i lag med?
Har spelt på Sunnylven i mange år og har vorte godt kjent med alle der, men
vil trekke fram Arne Storstein. Han kunne slå ei 70 meters pasning på lissa.
Innkast som var som corner. Scora mål i bytte og spann. Var liksom
ferdigscora pasningar som kom fra den kanten. Så han skal ha æra av mange av
måla som eg har scora for Sunnylven.
Spm9: Kva trur du om HIL sine sjansar i 4 divisjon 2007?
Trur nok at om laget får behalde dei som var der i fjor vil eg tru dei har
stor sjanser til å gjere det bra. Tips: mitt på treet.
Spm10: Vert du å sjå i HIL-drakt denne sesongen? Nei.
Vi takkar Terje for praten og for innsatsen desse åra han har vore her og ynskjer han lykke til på Sunnmøre (igjen) ;). |
|
|