Det va en gong....

Det var en gong to pliktoppfyllande og snilde guta som skulle prøve å gjere ein innsats for fotballen i ei lita bygd kalla Hornindal. På folkemunne vert den fagre bygda kalla Honndalen. Dissa to karane skreiv ein epistel på heimesida til fotball-laget og oppfordra spelarar og eks spelarar om å levere inn draktene dei sit inne med. Slik at dei kunne få ei oversikt om draktene held ein sesong til eller om dei må kjøpe nytt draktsett til bygda sitt store lag. Kva skjedde? Jau då, dei mest pliktoppfyllande spelarane leverte inn draktene sine, menst nokon sende en sms om at dei hadde ei drakt eller to. Og resten? Dei ga f...!!! Kva gjorde så dei to kjekke pliktoppfyllande og eksemplariske gutane når dei fleste ikkje gadd å bry seg? Dei kunne sett seg å grine og lure på kvifor dei skulle gidde å bruke fritida på å legge til rette for at andre skal få drive med hobbyen sin, men nei da!!! Desse to gutane heldt tårene i sjakk og skreiv ein ny epistel på heimesida til fotball-laget der dei forventa at spelarane REAGERAR og får ut den berømte fingeren og levera inn draktene umiddelbart!! Hjelpte det??? Det gjennstår å sjå, men det skulle jammen berre mangle at det gjer!!!!!!!!!