Kjapp prat med Randi Muldsvor

Her kan de lese om korleis Randi har det for tida. Rekna med du e i full sving? Er i full sving ja, men helst på andre arena enn på sjølve fotballbana. Volleyballsesongen er ikkje heilt ferdig enda så det går ganske mykje tid der. Så trena eg ganske mykje styrke og kondisjon i treningsrommet. I tillegg tar skulen mykje tid no sidan eg tar et ekstra fag i vårsemesteret. Korleis går det med Randi og Sandviken? Hehe… eg og sandviken har eit veldig bra samarbeid. Har fått en litt anna rolle enn det som var planlagt men… Foreløpig ligger 2.div laget på 4 treninger i veka. I tillegg har vi muligheit til å delta på A-laget sine daglege morgenøkter (styrke og teknikk) 5 dagar i veka + fellestrening for begge laga laurdagmorgon. Treningskampar har det dessverre blitt lite av pga snø og isdekke på bana. Vi har hatt ein treningskamp mot A-laget. Eg endte opp i mål på elitelaget… spesielt, men kjekt…. Korleis har vinteren vore? har du fått lagt eit gått grunnlag? Vinteren har vore ok for min del. Har som sagt fått trent en del styrke i tillegg til volleyballen så grunntreninga e der. Fotball har det dessverre blitt mindre av. Sliter med litt betennelse i akillesane og helane, så utetrening i kulden prøver eg å unngå. Samtidig kolliderer treninga inne i Vestlandshallen med studier. Så foreløpig tar eg det litt rolig med fotballen. Kva er ambisjonane for sesongen for deg og Sandviken? Ambisjonane om toppseriespell må eg dessverre legge på hylla. Sliter veldig med den nakkeslengen eg fekk under treningssamlinga vi hadde i Årdal i fjor. Må unngå dei hardaste treningsøktene for å slippe migreneanfall og smertene i muskulatur i nakke og skuldre. Går til behandling hos naprapat no, men rekner ikkje med å bli bra så fort at eg kan satse noko denne sesongen. Det er dessuten vanskeleg å kombinere så mykje trening med studiet eg går. Men som eg nevnte har eg fått ein litt anna rolle i Sandviken no. Har fått ein oppmann/laglederrolle for talentlaget. I tillegg skal eg vere med å på laget som spelar, både for min del sånn at eg får fortsette med fotballen, men også for å observere litt det ”sosiale” i laget. Mange av spelarane er unge, 15-16 år, som bur på hybel for å kunne spele på Sandviken. For desse er det viktig å ikkje havne utanfor sosialt. Og det er mange unge som får problem i den situasjonen dei er i… blir pressa hardt på trening, store treningsmengder osv. Lett å komme opp i problem som spiseforstyrrelser osv… så det blir litt av min jobb å passe på at jentene har det bra og trives. Så det blir spennande!! Kven er dei mest kjende spelarane du trenar i lag med? Mest kjende er vel Trude Amundsen frå Førde, Torill Fjellestad frå sandane (på landslaget no i januar. Vi var på mange felles talentsamligar tidlegare) og Gro Espeseth komt inn som hjelpetrener på A-laget. I tillegg er det mange tidlegare storstjerner fra Sandviken i støtteapparatet. Kan no fortelle at eg deltok på Sandviken sitt kick-off seminar sist helg. Ei helg med mykje spennande info om framtidsplanane til klubben. Om alt går i orden startar bygging av verdens første ”jentestadion” opp til hausten. Et kjempe spennande prosjekt! I tillegg blir det jobba veldig mykje med å få betre samarbeid mellom A- laget og talentlaget. Både på bana og på det sosiale. Målet til Sandviken er å bli verdens beste klubb med tanke på jentefotballen!!! Vi hadde også foredrag av Yngve Halen (daglig leder i Sogndal) som fortalde om merkevareskaping (Sogndag vs Lerum). Så vi har mange baller i lufta her nede i Bergen. I tillegg håpar eg å kanskje kunne få til eit lite samarbeid med klubben i MITT hjerte, Honndalen, om å hente aktuelle spelarar der heime ned hit på treningsamling… Håpar at dei jentene som fortjena