Tett på Jan Azar Karadas

Vi har fått på plass nokre nye spelarar før åretssesong og det er på tide å bli litt betre kjent med dei. Her kan de lese kva Jan Azar Karadas har å seie om seg sjøl og kva tankar han har om Honndalsfotballen. Spm1:Fortel litt om deg sjølv? Eg e født 2.mai 1986, på Nordfjordeid... der har eg budd heile mitt snart 21 år lange liv, og må seie meg fornøgd med oppveksten der=) eg gjekk barne-og ungd.skule på Eid, og so gjekk eg 3 år på idrett i stryn. No har eg rota meg vekk til sogndal, der eg går på turisme og reiseliv dei neste 3 åra. Spm2:Kva posisjon på bana har du brukt å spele? Dei siste åra har eg spelt spiss, noke eg trivst bra med=) Spm3:Kva er ditt beste minne frå fotballbana? mitt beste minne fra fotballbana ja.....hmm.. Må vere når vi slo Vålerenga 1 under norway cup for noken år sia:) Ellers var det en sesong vi vant 10 kampa på rad i 6.div.. Artig:) Spm4:Kva er ditt inntrykk av Honndalsfotballen? Positivt... Virka som alle kjem godt overens, og at det sosiale blir satt i første rekker! Det er er veldig bra.. Ellers er det mange unge spelera pr dags dato, og det lova godt for framtida! Eg ser også en framtidig trenar i OC Georcelin, så her ligg alt til rette for ei spennandes framtid for fotballen i honndalen! Spm5:Kva forventning har du til åretssesong på HIL? Først og fremst bør vi klare å heve oss fra forrige sesong. Årets sesong er veldig tøff, så her må vi kjempe hardt om poenga. Likevel bør vi satse på å hevde oss på øvre halvdel av tabellen. Spm6:Kva er din største og svakaste styrke på bana? Eg har både styrka og svakheta.... Hehe.... Spm7:Kva klubb er favoritten i norsk og engelsk fotball? Man Utd og Brann :) Spm8:Tips for treningskampen mot Selje på laurdag? Første treningskampen for året, og det kjem nok til å variere litt i prestasjonane, men det viktigaste e å prøve ut ulike formasjona og legge ett grunnlag for korleis honndalen skal spele denne sesongen.. Selje har et bra lag, så på lørdag får vi et svar på kor vi står i forhold til dei!