Fotballrevyen 20 år

Fotballrevyen har jubileum i år. Revyen har i ein mannsalder vore eit like fast innslag i påska som ski, kvikklunsj og appelsin. Tekstskriving og øvingar er alt komt godt i gong. Svein Otto Espe og Rolf Kobberstad mfl er i full sving for å sy i hop ein best mogleg revy. Det vert 2 framsyningar og det er allereide bestemt at dei vert palmelaurdag (Dølheim) og den påfølgande onsdagen (Ljosvang). Palmelaurdag vert det mest truleg dans også.