Generalsponsor:
Web-løsning:
Sponsorar:
|
|
Då var det Lars Ove Rake sin tur. Her kan de lese litt om han og tankane han har for sesongen.
Spm1: Fortel litt om deg sjølv?
Ette en lang å strabasiøs ferd har eg fysisk just blitt ferdi me tenåra,
men psykisk ligg eg nok litt ette. Trur nok fortsatt at eg ligg å rota baki
13-14 åra en plass. Men no venta voksenlivet dr eg prøva å få fart på
økonomien både nasjonalt og internasjonalt so derfor satsa eg knallhardt på
økonomilinja i sogndal.
Oppveksten ve eg helst sleppe å gå inn på for å beholde både nattesøvnen å
tørre laken:)
Spm2: Kva posisjon på bana har du brukt å spele?
Midtstoppar.
Spm3: Kva er ditt beste minne frå fotballbana?
Oooh ka d ska vere? må kansje vere då eg scora et av mine mange mål.
Runda heile Jølster å litt av Hyen før eg før eg kjaurde ei go gammeldags
skuddfinte å runda keeperen te Jølster å sette ballen sikkert i mål. Han kom
ikkje te sg sjølv ijen før långt utpå nyåret.
Spm4: Kva er ditt inntrykk av Honndalsfotballen?
Med tanke på plassen på laget å min egen sikkerhet får eg vel seie at eg
har et godt inntrykk av honndalsfotballen. Både fotballen å damene i
honndalen ser faktisk ikkje so verst ut som en egentli skulle tru. Ette
mange år i loen me knallharde oppgjør mot honndalen, veit eg at dette lage
bør en ikkje undervurdere!
Spm5: Kva forventning har du til åretssesong på HIL?
Eg forventa en go sesong me honndalen dr eg kanskje te å me får prøve mg
utpå bana et par minutt? E jaffal d store målet! Å når sesongen ska
oppsummerast en gong utpå hausten håpa eg å trur at vi ska befinne oss på dn
øvre halvdelen. Ei go Liverpool-plassering hadde vore gull! (4.plass)
Spm6: Kva er din største og svakaste styrke på bana?
Mine svakaste styrke på bana: ikkje kondis, dårli spenst, null styrke,
ikkje den raskaste og total mangel av ballkontroll!
Mine største styrke på bana: hmm…
Spm7: Kva klubb er favoritten i norsk og engelsk fotball?
Liverpool!!
Spm8: Tips for treningskampen mot Selje på laurdag?
Møt opp! |
|
|