Årets fyrste treningskamp

På laurdag spelar HIL årets fyrste treningskamp. HIL reise til Selje for å møte divisjonskollegaen på deira heimebane. HIL har pr.d.d ikkje hatt månge økter utafor gymsalen så dette vert ein spennande kamp for HIL. Kampen går kl.15.00. Selje sin trenar Idar Taklo kan fortelje at dei har jobba med å få bana i stand til laurdag og det ser bra ut,men skulle det bli problem med frost på bana vert kampen avlyst. Endeleg avgjerdsle vert fredagskveld. Kva mannskap HIL stille kjem vi tilbake til, men det som er sikkert er at Gunnar Grodås legg igjen fotballskona heime.