Troppen mot Selje (herrar)

Til kampen mot Selje har trenarane bestemt at alle skal vere med utover. Dermed er alle desse spelarane kalla ut: Sondre Grodås, Jan Rune Oppheim, Eivind Grodås, Rasmus Gausemel, Terje H Øye, Ole Christian Nygård, Martin Seljeset, Morten Taraldset, Erlend Nordnes, Anders E Kristensen, Sindre Fannemel, Tarjei Lødøen, Håvard Sollid, Kjetil Svarstad, Frank Hool, Lars Ove Rake, Jan Azar Karadas, Tor Øystein Muldsvor, Mads Holvik, Jørn Ove Rindal og Per Otto Lien, i tillegg kan det hende det dukka opp ein eller to spelarar på prøve. Eivind Grodås har sendt beskjed frå Barcelona at han ligg rett ut og ikkje vert med på laurdag, i tillegg er supergitarist Jan Rune "storetåna" Oppheim opptatt med ein viktig spelejobb i helja. Gunnar Grodås sende i kveld ut følgande melding til laget: Treningskamp mot Selje laurdag. Avreise kl.11.30 frå Spar. Kampen går kl.15.00 på kunstgras i Selje. Dei som har drakt tar den med. Gje beskjed til Gunnar innan fredag kl.15 om du ikkje kan vere med. Husk svarte sokka, termos og godt humør!!! Eg e so gla i dåkke guta!!! Beste helsing Gunnar. Då kryssa vi fingrane for at frosten uteblir og at det ikkje vert stort frå fall av spelarar. Det er viktig at vi kjem i gong på ein god måte! Lykke til gutta!!!