Generalsponsor:
Web-løsning:
Sponsorar:
|
|
HIL stille med følgande lag frå start.
Sondre Grodås
Jørn Ove Rindal
Lars Ove Rake
Kristian Brynestad
Sindre Fannemel
Håvard Sollid
Marius Grodås
Ole Christian Nygård
Erlend Nordnes
Jan Azar Karadas
Terje Haugen Øye
Innbyttarar:
Martin Seljeset
Anders E Kristensen
Morten Taraldset
Kjetil Svarstad
Tarjei Lødøen
Dermed har alle 3 nykomarane fått sin debut i honndalsdrakta. I tillegg har vi med Kristian Brynestad og Marius Grodås frå Stryn som eit følge av vårt gode samarbeid.
HIL har gått ut i ein 4-3-3 formasjon. Når kampen er 15 min gammal kan Gunnar fortelje at stillinga er 0-0, men Selje er langt meir aggresive og jobbar mykje betre enn HIL.
Etter ca 42 min scorar Marius Grodås 1-0 på eit frispark frå omlag 16meter.
I følge Gunnar har HIL ført kampen siste 15 minutta. Han seie vidare at det ser veldig bra ut. Fleire spelarar har meldt seg på i kampen, han seie og at Marius styre HIL si midtbane godt, men at Marius er begynt å merke kjøret.
HIL har gjort eit bytte, Sindre Fannemel ut og Martin Seljeset inn på høgre back.
Etter nesten 30 min i 2.omg er stillinga 3-1 til heimelaget Selje. HIL misbrukte ein stor sjanse til å auke leiinga til 2-0 men det ville seg ikkje. Gunnar seie det at Selje ledar fortjent for no spelar dei oss trill rundt, vi heng ikkje med. HIL møte eit lag som er mykje betre kondisjonsmessig. HIL reiste utover med 17 mann og alle er blitt bytta inn.
Etter 2x45 min enda kampen med ein fortjent 3-1 siger til heimelaget Selje.
Gunnar seie at han er fornøgd med ei grei gjennomkøyring og at alle fekk spele mykje.
Personlege feil ligg bak nokre av måla.
Selje var eit mykje meir presist og spelande lag en HIL og som sagt vi blir hardt straffa når vi gjer feil.
HIL-fotball takkar Selje for kampen og ynskjer Idar Taklo og hans disiplar lykke til i sesongen.
Viss Kristian Brynestad helde det han lova kjem her ein bildeserie frå både før, under, etter kampen. Den vert lagt ut over helga. |
|
|