Kva gjer du no Odd Arne Bergset?

For ei tid tilbake lovde eg at vi skulle få høyre frå tidlegare HIL-spelarar og kva dei drive med no. No er vi komt til fyrstemann og det er Odd Arne Bergset. Han var fast innslag på HIL sitt lag då vi begynte å krype oppover i divisjonssystemet. Odd Arne vert kanskje huska best for ein kommentar han hadde i kampens hete på Hornindal Idrettspark i ein kamp mot Snadane sitt andrelag enn for sin enorme kondisjon og innsatsvilje. Uansett, her kan det lese kva Odd Arne gjer på no. Spm1: Ja, kva gjer du no Odd Arne? 25 år er eg no klart å bli. Eg og sambuaren min Agathe heiv oss på boligkarusellen og kjøpte oss ei leilighet i fjor vår, beliggenhet Laksevåg i Bergen. For tida jobbar eg som fysioterapeut på Haukeland sjukehus. I tillegg så jobbar eg litt innan treningsbransjen, nærmare bestemt på SATS. Eg helde også på å utdanner meg til PersonligTrener og skal etter planen byrje å jobbe som det rett over nyttår. Det blir ikkje så mykje tid til andre hobbyar men trening tar eg meg som oftast tid til. Spm2: Kor tid spelte du på HIL? (Frå sesong til sesong?) Meina eg begynte for HIL sesongen 2001, dvs sesongen før HIL starta den seriøse satsinga. Anders Maurset ringte ein dag eg satt på kontoret opp i det kalde nord og utførte mi militære plikttjeneste, han lurte på om eg ville vere med å spele litt fotball i 6.div. Eg heiv meg på flyet vekk frå Harstad og fekk no med meg dei fleste kampane den sesongen. Opprykkssesongen 2002 var eg no med heile sesongen, det vart mykje pendling på meg og Vartdalen med leigebil frå Bergen heile haustsesongen. 2003 sesongen var eg med til godt utpå hausten, men så vart resten av sesongen øydelagt av skade. Etter det vart skulegangen første prioritet og samtidig vart det litt mykje styr å reise så langt, så då sklei eg vel stille og rolig ut av honndalstroppen:) Spm3: Din beste kamp for HIL? Tja det må vel vere den kanonkampen eg hadde då eg kom med min legendariske kommentar:)...nei eg trur nok det må vere kampen etter at eg hadde sona karantena ferdig for utvisninga, trur det va mot breimsbygda. Fokuserte då litt meir på ballen enn på dommaren og enda opp med å score hattrick:) Spm4: Ditt beste minne med HIL (på og utanfor, dvs 2 minne;) ?) Beste minne på bana må nok vere opprykkskampen mot Polljen, då vi slo dei borte og opprykket var klart. Utanfor bana har eg no mange gode minne, men trur nok det artigaste var turen vi hadde opp på sunnmøre. Treningskamp mot Rollon trur eg. Artig kamp og veldig artig etterpå med inntak av mat og deretter konsumering av en god del brune-varer. Synest å huske den bilturen nedatt va ganske artig:) Spm5: Når eg seie årets kommentar sesongen 2002, kva seie du? Bli du ofte minna på den kommentaren? Hæh?, ka kommentar? Viktig å være et godt forbilde for dei litt yngre spelarane!, så det e vel helst dei som minne meg på mitt flotte utspel:) Fekk jo faktisk 3 kampars karanten, men klarte å prute det ned til 2:) Spm6: Din største tabbe på bana? (foruten kommentaren kanskje?;) ) Tja eg ha vel bomma på relativt ope mål nokre ganga:) Spm7:Spelar du fotball endå? Ja, eg følgje moten så no går det for det meste i Futsal (innendørs fotball for dei som ikkje veit ka d e). Vi e no en gjeng som trena en gang i veka ca og så e det turnering 1 gang i mnd. Så litt ball blir det no. Kan lese meir om oss her om noken e interessert: http://www.indoorfootball.net/cgi-private/profiler2.cgi?1::1678:Harald%20kryvis%20gutter Spm8: Ha du følt med HIL-fotball sia du slutta?Evt, kva tykkje du om HIL sesongen 2006? Eg følgje veldig godt med på ka som skjer heime i Nordfjord både når det gjelde HIL og Stryn. Synest det virka som samarbeidet mellom dei to klubbane