Heia - Hornindal 1-3 (oppdatert)

HIL slo i dag Heia 3-1 i ein treningskamp på Eid Idrettspark. HIL leia 3-0 til pause. Då gjorde HIL månge bytte og Heia kom då meir inn i kampen. Tarjei Lødøen. Marius Grodås (bildet) og Terje Haugen Øye scora for HIL. Underteikna har pr sms fått beskjed frå Heia sin målscorar Vidar Øystein Hjelle at målet ikkje kom etter møljespel framfor mål, men etter at han finta 3-4 HIL-spelarar på ræva. Han ønskte litt meir rettferd i verda så han tok difor kontakt. Som de ser på navna på lista så hadde HIL med nokre spelarar frå Stryn som eit ledd i det gode samarbeidet vi har med dei. Gunnar Grodås såg på kampen som ei god treningsøkt og ser ikkje vekk i frå at HIL tar turen til Eid ved eit seinare høve. Desse starta for HIL: Sondre Grodås Tarjei Lødøen Kristian Brynestad Rasmus Gausemel Martin Seljeset Håvard Sollid Marius Grodås Ole Christian Nygård Morten Taraldset Eivind Grodås Terje Haugen Øye Innbyttarar: Anders Elling Kristensen Mads Holvik Sondre Jensen Jan Rune Oppheim Anton Andre Sande PS! Eg såg ikkje kampen i går så eg ha skreve på bakgrunn av det som har blitt meg fortalt. Uansett no håpa eg referatet er ok både for Hånndøle og moskovitta;)