Dykk i arkivet!!

Underteikna har bestemt seg for å grave litt i historia til herrefotballen i Honndalen. Eg har fått tak i en del info og historikk med god hjelp frå mister Jan Fuglesteg, fotballkretsen og i Fjordingen. Faktisk så har en klart å få tak i tabellar og resultat heilt tilbake til 1966 sesongen og fram til 1989 sesongen. Dvs manglar siste halvdel av 1974 sesongen. No startar kartlegginga vidare frå 1989 og fram til i dag. Samstundes har eg lyst å få kartlagt flest mogleg spelarar som har spelt på HIL gjennom tidene. Dessverre så har HIL aldri hatt en adelskalendar (registrering av kampar og mål pr.spelar), men vertfall det å få ei liste over flest mogleg av spelararane som har vore med på HIL i løpet av desse sesongane må vere eit av måla. Om en spelarar har spelt 1,20 eller 200 kampar har ingenting å bety. Det å få registrert flest mogleg av dei som har spelt for HIL er målet. Samt oversikt over størst tap og siger borte/heime osv... Uansett, eg treng hjelp frå folket. Har du, far din, bestefar din spelt på HIL? Send ein mail eller ring og fortel om kva sesong/sesongar det er snakk om og evt kven andre som var med. Alle sesongar frå 1966-1998 er eg veldig interessert i å få vete meir om. Kontakt meg: > Send mail til Edvin Haugen Tlf: 90841249 På førehand tusen takk.