Harald Lødemel og Raufoss på La Manga

Harald Lødemel og Raufoss er i innspurten på sesongoppkøyringa framfør comebacksesongen i adeccoligaen (1.div) Raufoss har spelt 2 kampar under dette opphaldet på La Manga. I den fyrste kampen vart det 1-0 tap mot Mandalskameratane. MK laga vinnarmålet allereide etter 4 min. Harald spelte frå start og var på bana heile kampen. I kamp nr 2 var det Moss som var motstandar. Moss har gjort sakene sine godt i oppkøyringa. Dei har m.a spela uavgjort 2-2 mot tippeligaklubben Sandfjord. I denne kampen starta Harald på benken og kom ikkje inn før i det 89.min og kunne ikkje forhindre at Raufoss tapte denne kampen 1-0. Uansett så var denne kampen eit viktig steg i rett retning og Raufoss kan sjå lyst på sitasjonen like før alvoret sett i gong. Vi kjem tilbake med rapport frå Harald sjøl når han har komt til hektene igjen etter fotball og karaoke (reknar med Harald&co ikkje er dårlegare en Riise&co på treningsleir?) show på La Manga.