HIL stiller med ballhentarar for Aafk

HIL var ein av 50 klubbar som melde si interesse for å få stille med ballhentarar under ein av Aafk sine heimekampar i Tippeligaen 2007. HIL kom gjennom nålauge og skal vere på plass på Color Line Stadion 28 mai når Viking kjem på besøk. Leiar i HIL-fotball aldersbestemt Per Ståle Lillestøl seier at det ikkje er heilt avklara kven som skal oppover, men mykje tyder på at småguttelaget skal gjere "jobben" + evt supplering frå småjentelaget. Her er lista over heimekampar for AaFK med motstandarar og ballhentarklubbar:

 

9.  april: IK Start,         (Langevåg IL-93)
22. april: Fredrikstad FK,   (Lesja og Dovre)
7.  mai:   Lillestrøm FK,    (Måndalen IL)
28. mai:   Viking FK,        (Hornindal IL)
17. juni:  Stabek IF,        (Sunnylven IL)
24. juni:  Vålerenga IF,     (Selje IL)
29. juli:  Sandefjord IF,    (Vartdal IL J/G)
12. august: Odd Grenland,    (Emblem IL)
2.  september: FC Lyn Oslo,  (Harøy IL)
16. september: Strømsgodset IF, (VanKam)
30. september: Tromsø IL,    (Valldal IL)
21. oktober:   Brann,        (Åndalsnes IF)
4.  november:  Rosenborg BK, (Stranda IL G93)