Honndalsspelarar på treningsleir i Danmark

HIL-fotball er sterk representert på Stryn-fotball sin treningsleir i Danmark. Som eit ledd i samarbeidet har Stryn invitert med nokre spelarar frå HIL. Desse er som kjent Eivind Grodås, Sondre Grodås og Tarjei Lødøen. I tillegg er Marius Grodås,Kristoffer Grodås og Endre Lødemel med. Dvs heile 6 stk frå HIL-fotball er med på tur. Tarjei Lødøen sa i ein kort kommentar før avreise at han såg fram til å få gras under beina. Elles forventa han at han får kvede litt når han fyrst er ute på internasjonal-representasjon. Han har trass alt kveda for Kronprinsparet, seie han forventningsfullt og bestemt. Då gjenstår det for HIL-fotball å ynskje dei 6 og resten av Stryn-fotball god tur!!!