Jubileumsrevy 2007

Vil med dette rette ei stor takk til revygjengen med Rolf/Svein Otto i spissen for ein fantastisk flott fotballrevy dette var ein 20års jubilant verdig!! Førsteklasses songar / songarar samt mange gode humoristiske inslag med blikk på kva som skjer / har skjedd i bygda vår siste året. For dei som ikkje fekk tid til å ta turen på Dølheim laurdag bør absolutt prikke inn komande onsdag i Ljosvang, denne revyen bør ein ikkje gå glipp av! Her bør ein samle nok eit fullt hus!! Ei kjempestor takk også til Turid, Anne Grete, Toril, Edvin og Jan Rune m.f. for den store insatsen både med førebuing og gjenomføring av arrangementet.