Før kampen Skavøypoll - HIL (herrar)

HIL reiste ca kl.14.45 til Deknepollen for å møte Skavøypoll. HIL stille eit redusert mannskap, men er klare for å gje Polljen motstand. HIL stille med følgande tropp: Tor Øystein Muldsvor Erlend Nordnes Håvard Sollid Kjell Arne Vartdal Jan Rune Oppheim Lars Ove Rake Terje Haugen Øye Ole Christian Nygård Sindre Fannemel Per Otto Lien Morten Taraldset Kjetil Svarstad Anders E Kristensen Dvs at HIL manglar 9-10 spelarar til dagens kamp. I tillegg får HIL låne keeper med Skavøypoll. Gunnar Grodås hadde forberedt seg i heile dag for keeperoppgåva og han var naturleg nok skuffa når meldinga kom om at keeperlånet var i boks. Alt dette pga at dei 3 unike keeperane Sondre Grodås, Ola Sætren og Edvin Haugen uaktuelle til kampen. Resultat og litt om kampen kjem seinare i kveld.