Generalsponsor:
Web-løsning:
Sponsorar:
|
|
Det er no berre timar til fotballen brakar laust på dei høgaste nivåa i norsk fotball.
Harald Lødemel som spelar for Raufoss har sendt litt om korleis situasjonen er på Toten.
Harald går no laus på sin 15 sesong etter at han forlet Honndalen i 1992.
Her kan de lese korleis sesongførebuingane har gått føre seg for Raufoss og Harald Lødemel.
Helsing frå Toten!
Oppkjøyringa til årets sesong har vore prega av mykje reising i år.
Vi har vore ei veke på treningsleir i Antalya i Tyrkia og to veker på La Manga.
Hatt fine turar men det er absolutt ingen ferie om noken skulle tru det. Stort sett er det to treningar kvar dag + kampar.
Samtidig er det begrensa kor moro eg synest det er å vere på La Manga for tiande året på rad
og å ete pasta til lunsj og middag i to veker i strekk..
Men ein skal ikkje klage, har stort sett hatt fine baner, sol og varmt vær
på begge utanlandsleirane og vi har absolutt hatt godt utbytte av reisene.
Underteikna klarte og å halde seg nokolunde i skinnet under frihelga vår i
Spania, ingen STORE skandalar dette året.. Ingen barslagsmål, høg
sigarføring eller dårleg karaoke sang, einaste trasige i år var eit relativt
stort tap på roulette..
Vi har hatt blanda resultat i treningskampane i år, merkeleg nok har vi
spelt godt mot dei beste laga i Adeccoligaen og slitt meir mot dei antatt
dårlegare laga. Men vi har heilt klart hatt ei riktig stigning i forma på
både enkeltspelarar og som ei einheit no fram mot seriestart, så det ser
spennande ut.
Den største utfordringa vår i år blir å få alle dei nye spelarane vi har
henta i vinter til å fungere saman og å få samspelt laget.
Vi har henta ni nye spelarar i år, eit stort antall av ein tropp på 23. Og
vi har spelarar frå alle verdenshjørner. I troppen har vi bla. fem svenskar,
to afrikanarar, ein engelskmann, ein tyrkar, to kosovo-albanerar, ein finne,
ein koreanar og ein frå honndalen! Mange av spelarmøta går på engelsk for å
seie det slik..
Målsettinga til laget for årets sesong er enkelt og greit å stabilisere seg
i Adeccoligaen.
Av personlege mål har eg eit håp om å vere mest muleg skadefri. Har vore ein
bra vinter for eigen del i henhold til skader og håper det varer. Det
einaste minuset har vore dei siste to vekene der eg har slitt med
overbelastning i eit lår, men eg håpar eg skal vere klar til åpningskampen.
Hvis ikkje er det ikkje noko stor krise, det er tretti seriekampar i år så på bana vil eg kome.
Kontrakta mi går ut etter denne sesongen, og eg vil sjå ut over hausten kva
magefølelsen seier. Denne sesongen vil bli min femtande sesong der eg lever
av å spele fotball og lysta til å gjere noko anna i livet er begynt å melde
seg. Det er mykje reising og lite feriar, men det har jo blitt ein livsstil.
Men eg vil nok vere innvolvert i fotball i ei eller anna form til neste år
uansett kva eg bestemmer meg for.
I laget har eg har ei offensiv midtbanerolle, ligg rett bak spissen og lurer
og har lite defansive oppgåver. Ei rolle som hadde passa for ein yngre
Oddvar Espe.. Vi har eit veldig strukturert spel der ballen skal gå kjapt
langs bakken med stort fokus på pasningsspel og overtals bygging. Har og
vore ein del av kapteinsteamet dei siste åra og er det og i år.
Ellers virkar det som det er stor interesse rundt fotballen i Honndalen i
år. Både på dame- og herresida. Følger spent med!
Lykke til med sesongen!
Harald.
Vi i HIL-fotball takkar Harald for helsinga og ynskje han og Raufoss lykke til med comebacksesongen i adeccoligaen.
Les meir om Raufoss og Harald på Raufoss sine nettsider: Raufoss |
|
|