Kampreferat HIL - Breimsbygda 3-2 (damer)

Kampreferat 9. april Klokka nærmar seg ett og begge laga er godt i gong med oppvarminga. Været er som alltid lovande når HIL sine damer skal spele kamp. Om dokke ikkje har fått det med dokke enda er laga som skal ut i dyst i dag Breimsbygda i gule drakter, og Hornindal i sine raude. Kampen foregår på eit nymåka kunstgras i Stryn. 13:00 laga står klare, og den første og viktige kampen vinnast av Hornindal: Stein, saks, papir om å starte med ballen. HIL er dermed sikra eit solid psykisk overtak allereide før dommaren bles i fløyta. Klokka er 13:01 og dommaren, Erlend ”Colina” Nordnes bles i gong kampen, og HIL tek avspark. 2 min: Hornindal har starta godt, og Ingrid leier eit fint angrep. 4 min: HIL har holdt presset ei god stund no, og vi får kampens første målsjanse, der eit skudd går mot keeper som glepp den glatte ballen mellom beina. Keeper hentar seg fint inn igjen og får kontroll på ballen heilt på målstreken. Slikt har blitt mål før, og kunne fort blitt det igjen.. det er tydleg at honndalslaget har mykje godt å vise fram i løpet av komande sesong. 10 min: Hornindal har hatt god kontroll til no i første omgong. Men Breimsbygda er slett ikkje ufarlege. 11 min: STRAFFFEEEE!!!! Vi på sidelinja trudde først at Edvin, som i anledninga var i det gode lunet berre tullja, men jauda, straffe var det, og truleg var det korrekt dømt, då Rosmari blei felt innanfor 16 meteren. Det er same person som tek straffa, men dessverre blir det bom. Var det taktisk eit feiltrekk då det mång en gong har vist seg at når den felte sjølv tek straffa blir det ofte bom, i alle fall i HIL si historie…? Likevel har dei første minutta vore omtrent den starten vi ønska oss, med mange gode sjansar og angrep. 15 min: Breimsbygda er frampå, og får eit forsøk på mål, som Johanne plukkar greit. 16 min: Innkast for dei raude. Helene kastar til Rosmari som legg ballen tilbake til Helene som legg eit veldig fint innlegg. Gode takter visast. 18 min: MÅÅL!!! Maria ”pittbull ova Grøthåja” Sollid skorar mål på retur frå keeper, etter sjølv å ha gjort eit godt løp heilt frå midtbana, der den første avslutninga var litt uheldig, men Maria gjer ingen feil på 2. forsøk og kampens første mål er eit velfortent faktum. Stillinga er 1-0 i honndalsfavør. 20 min: Litt rot i Honndalsforsvaret kunne resultert i kjempesjanse til Breimsbygda, som no viser betre takter, men det går bra. 23 min: Ivrine kjem til avslutning, men keeper fakkar ballen godt. 24 min: Nytt angrep, Hil er fortsatt det førande laget, sjølv om Breimsbygda absolutt heng med, og pressar der sjansane byr seg. 26 min: Breimsbygda i angrep, og kjem til avslutning, men ballen blir til slutt klarert til corner. 30 min: Ingrid i fint driv på sidelinja, og skjer inn mot mål men kjem ikkje heilt til noko skikkleg avslutning, likevel veldig bra. 32 min: kampbildet har jamna seg ut, og breimsbygda er no minst like førande som HIL, breimsbygda får ein skuddsjanse, men johanne plukakr ballen fint i lufta 33 min: Honndalen har mist litt formasjonen, og manglar ein del på nivået som dei viste tidlegare i kampen. Breimsbygda pressar bra. 34 min: MÅL til Breimsbygda. Skuddet kom frå langt hold, om lag 30 meter. Johanne var etter ballen, men nådde ikkje opp. Breimsbygda får godt betalt for presset i ein periode der Hornindal ikkje heng med. 36 min: bytte HIL Anne Marte inn, Synne ut. Synne som for øvrig spelar kampen med ein kløyvd finger (riktignok fiksa), imponerande. 37 min: HIL er tilbake i kampen, med betre press etter ein slappare 10 minuttsperiode. 39 min: HIL i angrep, eit godt skot går over keeper, og ned igjen på rett side av målet, men treff stonga. Marginane er ikkje heilt med i dag, etter det andre stolpeskuddet.