Høgst uoffsiell treningskamp Stryn-HIL

Kampreferat 13/4 2007 Høgst uoffisiell treningskamp Stryn – Hornindal Klokka er 17.54 og referentane er på plass på benken. Dagens første overraskelse er keeperane. Med Gunnar ”supern” Grodås i Honndalsmålet, og Dagmund ”killer” Evebø i det andre, er det lagt til rette for ein saftig duell om keeperplassen på eit framtidig oldstar-lag. Medan HIL spelarane varmar opp, diskuterar Stryn taktikk. Vi tykkjer HIL – spelarane for augonblinken ser hakket piggare ut. Hornindal si lagoppstilling til start ser slik ut: Keeper: Gunnar Grodås Høgreback: Martin Seljeset Midtstoppar: Rasmus Gausemel Midtstoppar: Jan Rune Opheim Venstreback: Morten Taraldset Høgre midtbane: Tarjei Lødøen Sentral midtbane: Eivind Grodås Sentral midtbane: Kjetil Svarstad Venstre midtbane: Ole Christian Nygård Topp: Frank Hool Topp: Terje H. Øye Innbytterar: Anders Elling Seljeset, Mats Holvik og Glenn Ove Rand Lagoppstilling stryn: for det meste uinteressant. Må dessverre meddele at referentane ikkje klarte å få med seg eksakt starttidspunk, så klokkesletta vil vere omtrentlege. Ca. 4 min: Gunnar viser at han har prøvd seg i målet før, og enda meir ein røynd utespelar. Han dreg til med ei forrykande beinparade i feltet, og får klarert ballen vekk frå fareområdet. 6 min: Stryn er lett optimistiske, men undervurderer tydleg styrken til GG, med fleire skudd frå midtbana. 7 min: fint angrep frå Hornindal avsluttast av Frank. Dagmund strekk seg og når ballen greit. 10 min: Halvsjanse til Stryn, men nok ein gong er unge Grodås der med hanskjen. 11 min: Terje er nesten gjennom forsvaret, prøver å spele gjennom Frank, misslykkast. - Kommentar Gunnar: Berre skyt, dei har dårleg keeper! Det er tydeleg at konkuransen mellom ei to fortsatt er tilstades. 13 min: (+) skade, Kjetil går ut, Anders Elling inn- 14 min: sjanse HIL, Kommentar kristian: kar dinnja balen der vart av då? De va no en og sjanse te honndalen! Tilstandsrapport: Stryn har ballen mest, og er det førande laget, men Honndalen e jaggu me dei og. 16 min: vi har i seinare høve fått bekrefta at det var ein strekkskade som hadde ramma godaste Svarstad, men han fekk god medisinsk hjelp av kjekke folk frå Stryn sitt ”medic team”, så han vil nok vere tilbake på bana før vi veit ordet av det. Samstundes som vi snakkar med Kjetil, er HIL farlege framfor strynemålet. 17 min: MÅL: Stryn trekte det første og lengste strået i dette lokalderbyet på stryn stadion. Stillinga er 1-0 til heimelaget. 23 min: MÅL: nok ein gong Stryn. Endre startar med ein god ball bakifrå, som blir ”spronge” i mål, av ein annan uidentifisert strynespelar. Men stryn har pressa godt ei god stund no, og resultatet må såleis seiast å vere fortent. 25 min: 1. (av 3) pauser i denne fine treningskampen. For anledningen i det fine veret, tar referentane seg ein velfortent ispinn. Dessverre kom referentane litt for seint tilbake frå handleturen, og fekk nok ein gong ikkje sjekka klokka når omgongen byrja. Pausa var i alle fall ikkje av det longe slaget. 2.OMGONG HIL har gjort eit bytte. Ut me Ole, inn med ein av nykomarane i Hil stallen for sesongen, Mats Holvik. Ole slit for øvrig med ei blå storetå, og måtte lufte den ei stond. Ellers er starten på 2. omgong ikkje av det mest underhaldande slaget. Vi kan og påpeike at soal har gått ned over Stryn for denne dagen, og temperaturen synk nokre hakk. 8 min: HIL sjanse, men ein heldig Evebø reddar meistreleg. MÅL: etter ei tabbe frå Gunnar, kunne 2. generasjons grodås setje inn eit mål. Stillinga er 3-0 til stryn MÅL Igjen… 4-0 til Stryn. No er forresten OC klar, og har fått på seg skona. Etter nokre minutts masing frå Bakkjen, som ikkje heilt har skjønt djupna i Ole s