Utviding av redaksjonen

HIL-fotball har tilsett Kristian Haugen og Rasmus Fannemel i redaksjonen for heimesida. Rasmus og Kristian har ei tid no vore aktive med sine fyldige kampreferat. Dette er eit perfekt grep no når det går mot seriestart både for herre og damelaget så her skal det bli mykje godt lesestoff framover. Vi andre i redaksjonen ynskjer Rasmus og Kristian velkomne og ser fram til eit spennande samarbeid. Dei kjem til å ta til på jobben i slutten av april etter at vi har fått avvikla eit redaksjonsmøte;)