Marius Flo og Sondre Jensen til HIL

I går ettermiddag signerte HIL Fotball utlånsavtale med Stryn Fotball på Marius Flo og Sondre Jensen. Begge spelarane er klare til serieåpninga borte mot Vik førstkomande søndag. Marius Flo (22år) kjenner vel dei fleste, Marius har skåra mange mål både for Stryn og Loen dei siste åra, reknar med at det blir mange fleire for HIL framover! Sondre Jensen (17år) er sikkert ukjent for dei fleste. Han går på skule i Stryn og melde overgang dit tidlegare i vinter. Sondre er eit stortalent som vi er sikre på vil blomstre og utvikle seg i HIL drakta. Vi ynskjer begge velkomne i troppen, så får det bli opp til Gunnar & Morten om dei allereide er klare til kamp søndag borte mot Vik. Reknar også med at redaksjonen kjem tilbake med fyldig intervju av desse karane ved eit seinare høve.