Kommentar HIL-JØLSTER

Vil først seie at det var bittert å tape alle poenga på overtid, vi hadde i alle fall fortent eit poeng på idrettsparken i går kveld. Men eg er heilt sikker på at Gunnar og Morten sine disiplar kjem sterkt tilbake. Laget viser til tider glimrande fotball og på meir optimale banetilhøve held vi lengre en 45-50 min. Det som vart vist av det unge laget i raudt og svart i fyrste omgang var det klasse over, gode løp, mange offensive bevegelsar på same tid satte ein svært god motstandar sjakk matt til tider. Eg lot meg i alle fall imponere av det laget presterte før kvilen. Då må vi berre akseptere at det svinger i eit ungt mannskap, nokre småskadar til pause førde til endringar og laget vart vel meir en bagtungt etter kvilen. Den svært gode sentrale midtbana til Jølster tok over og det var vel fortent at dei henta oss inn til slutt. At vi skulle tape alle poenga heilt på slutten grunna eit uheldig sjølvmål er bittert og ikkje fortjent, men slik er fotballen og dette må vi berre børste av skuldrane og sjå fram til ny kamp mot Lærdal neste helg.Då er eg sikkert på at vi held heile kampen og køyre motstandaren i senk og hentar årets fyrste trepoengar.