Kampreferat frå damekampen HIL - Breimsbygda

Nok ein kampdag med overskya opphaldsveir i Hornindal. På bana ser vi Breomsbygda sine budeier tre på seg dei flotte blå vestane til fotballgruppa, sidan heimelaget Hornindal deler den raude draktfargen. Klokka var 19:00 ved kampstart har vi fått bekrefta frå relativt sikre kjelder, sidan vi i referentteamet ikkje var heilt på plass til den tid. noko som skulle vise seg å vere domt, for når vi var klare hadde det effektive damelaget til Hornindal allereie putta eit mål, og stillinga var 1-0 til heimelaget. Det vart sagt at det tok ikkje stort meir enn 10 sek. noko eg ikkje kan bekrefet, men det kunne fleire av dei oppmøtte. Sesongens raskaste, og dette lovar bra. Publikum er med rette ved godt mot. Dei neste 15 minutta går relativt roleg for seg, og Hornindal er det laget som viser best takter. 14 min: Beate får eit godt skot mot målet, men det går utanfor. 15 min: Breimingane ekje tamme, dei knuffar godt i frå seg. 16 min: Offside dømt mot Hornindal, sidelinja er ikkje sikre på den avgjerdsla, men det er då heller ikkje så unormalt. 18 min: Frisparket frå Rosmari får ein farleg dupp, men går over målet. like etter får vi mok eit frispark, denne gongen omlag frå midtbana, det landar inne i feltet. nok ein gong er Hornindal farlege. 22 min: Anne Marte headar ballen like utanfor målet. 23 min: HIL er stadig farlege framfor mål, etter litt fram, og tilbake rundt om 16 meteren til breimsbygda avsluttar Hilde med eit godt skudd mot mål. - Sjansane ligg tett her på idrettsparken. 26 min: Kluss framfor Honndalsmålet etter at eit angrep blei ordna opp i. Forsvaret valgte litt vansklige løysningar der, men det gikk bra. - like etter er HOrnindal igjen i angrep, og får eit nytt skudd på målet/inlegg frå linja, men keeper plukkar i feltet. 28 min: Marie med ei god avslutning mot mål Hornindal har verkeleg eit solid grep om denne 1. omgongen til no. 30 min: Ivrine har eit fint løp mot mål, der ho på vegen passerer minst 2 forsvararar frå breim, men desverre var ikkje avslutninga i klasse med vorspielet. 34 min: Honndalskeeperen stoppar på halvdistanse, men BB (Beimsbygda)skuddet er ufarleg, og går lngt utanfor. 35 min: HIL prøver seg på ein rask frisparkvarient frå midtbana, lykkast nesten, men ikkje alle var heilt klare for det. 41 min: Dramatikk like utanfor 16 meteren. endar med gult kort til ei amper breimetaus. 47 min: corner til hil på overtid av 1. omgong. resultatet står velfortent 1-0 til Hornindal til pause. men det er ingen grunn til å ta sigeren for gitt, sjølv om Honndalen har vore det desidert beste laget til no. 2. omgong blåsast i gong nøyaktig kl 20.00, til redaksjonens stor glede, då det blir mykje enklare å halde auge med klokka. 46 min: Omgongen startar med ein litt komisk episode. Ein av spelarane frå Byrkjelo handsar (nesten), og når ho høyrer tilropa frå sidelinja, stoppar ho nesten opp for å vise kvar ballen traff. det endar med at HIL får tak i ballen og går rett i angrep. 47 min: eit frispark frå HIL gåt på Keeperen til BB, som har hat nok å dtyre med i løpet av kampen. 49 min: Breimsbygda corner. Resultatet blir mål til breim, og stilllinga er 1-1. For øvrig er dei meir med i kampen no enn i 1. omgong. 53 min: Eit frispark frå B.B. går på keper som gir retur, returen blir satt i mål av ein våken Breiming. stillinga er 1-2, etter ein god periode av gjestane. 58 min: Breimsbygda i angrep, men handsar. kunne blitt farleg. 61 min: Bytte: Anne MArte går ut, Ingrid slepp innpå 63 min: ein god periode for hornindal no, men fleire skot mot målet. Ingrid og Ivrine er nærme med eit av angrepa. 64 min: spelarbyte, Samuline ut, Islein inn. Samuline får velfortent applaus frå sidelinja etter kveldens prestasjon. 65 min: vi ser eit mykj