Kampreferat herrekampen Hornindal – Lærdal 6. mai 2007, Bumpy Road
Referentteamet var i dag på plass 1 ½ time før kampstart, då vi kom rett frå referentmøte og knallgod pizza med Edvin. På gamlebana hadde det dagen i forvegen blitt rigga opp flott anlegg, med mic og cd spelar! Det låg an til å bli ein fin søndags ettermiddag. Ellers var været som tradisjonen tilseier det, delvis skya opphaldsveir.
Lagoppstillingar til start:
Hornindal:
Formasjon:
4 - 1 - 2 - 1 – 2
Keeper: Sondre Grodås
Venstre back: Morten Taraldset
Midtstoppar: Rasmus Gausemel
Midtstoppar: Lars Ove Rake
Høgre back: Jan Rune Opheim
Def. Midtbane: Sindre Fannemel
Midtbane, høgre/sentral: Håvard Sollid
Midtbane, venstre/sentral: Ole Christian Nygård
Off. midtbane: Terje H. Øye
Angrep: Tarjei A. Lødøen
Angrep: Eivind Grodås
Hil reservar:
Sondre Jensen
Anders Elling Kristensen
Martin Seljeset
Marius Flo
Jan Azar Karadas
Lærdal:
Oppstillinga er ikkje sikker, så namna kjem i tilfeldig rekkjefølgje. (Må beklage om namna er litt feil, men skrifta på dommarkortet var dessverre en smule uklar.)
Nr. 1: Per Engvold Aspevik
15: Roy Fjellstad
5: Ole Kristian Liene
6: Øystein Linderteg
3: Sherif Isie
10: Tomas Lunde
7: Ingebrigt Bøe
16: Sindre Rode
8: Ørjan Skilbrei
13: Olav Haugen
17: Leif Tore Asen
reservar:
14: Gisle Lysne
11: Christoffer ?+++++?
9: Jan Andre Voll
Dagens dommar: Ronny Stian Hopland, som gjorde ein god profil og holdt fin orden på spelarane.
Kampstart 15:00
Lærdal startar med ballen, og bevegar seg raskt i angrep.
3 min: Lærdal får 2 cornerar like etter kvarandre, men dei gir ikkje resultat.
7 min: Forsvaret til lærdal verkar bunnsolide i opningsminutta, dei stoppar det meste frå Hornindal på eit tidleg tidspunkt, honndaleen har kun fått til nokre få avslutningar.
8 min: Eivind legg ei pasning inn mot Tarjei i 16 meteren, men Tarjei får ikkje avslutta, godt innpakka av Lærdøler.
9 min: Corner for HIL, går tvers over bana, til innkast for Lærdal, som er raske og utnyttar situasjonen og får til ei halvcontring, som endar med corner til Lærdal, kunne blitt farleg. Knuffing i feltet gir like etterpå frispark til Hornindal, faren over.
12 min: MÅL for Lærdal, målscorar nr 7, Ingebrigt Bøe. Eit skot på keeper ga retur, som ein nærmast uforstyrra Bøe kunne heade i mål, forsvaret var ikkje heilt med der. Det viktige førstemålet kom til det til no beste laget.
16 min: HIL frispark i farleg posisjon rett utanfor 16 meteren.
19 min: Stor målsjans Lærdal, skudd frå 11 meter går like over og til sidan for mål.
20 min: HIL i angrep, Eivind gjer fint forarbeid, men er litt uheldig med stikkpasninga inn mot Ole Christian, som går til keeper.
23 min: HIL i angrep, ingen mål, Tempraturen på bana stig, og Kristian Haugen klukkar på sidelinja over alt som skjedde på ein gong…
24 min: Marius Flo og Sondre Jensen varmar opp. På benken kan vi sjå at Håvard Sollid har tatt seg ein timeout, med relativt store smerter ser det ut som, noko som ikkje er så rart, vi har i ettertid fått vite at Sollid braut handa i kampens hete.
24 min: Finurleg detalj av ein Lærdalspelar, som prøver seg på brasse mot Honndalsmålet, det gikk ikkje.
25 min: MÅL… Klabb og babb i feltet endar med verst moglege følgjer for Hornindal, stillinga er 2-0 til Lærdal, og målscorar er nr 17, Leif Tore Asen
26 min: Taktikkendring: Morten byter plass med Sindre
27 min: Bytte: Marius Flo inn for Håvard Sollid, som allereie er på veg til legevakta.
28 min: Lærdalfrispark frå 17 meter, går i muren og til corner, corneren går tvers forbi feltet.
34 min: Har vore ein stille periode, men no får Lærdal ein god sjanse og skudd på mål.
36 min: Vi registrerer at Ole Christian tek seg til øyr