Generalsponsor:
Web-løsning:
Sponsorar:
|
|
Kilde/Bilde: Fjordingen
To gongar har det skjedd at Hornindal har blitt kretsmeisterar i Sogn og Fjordane på herresida. Den siste gongen var i 2005. Den fyrste gongen var i 1971.
I 1971 var HIL sin sterkaste konkurrent i sone 3 var Haugen. HIL enda til slutt på 17 poeng og Haugen fekk 16 poeng. Som du kan lese under her var dette ikkje utan dramatikk.
Hornindal-Haugen 5-0
Denne kampen vart spelt 2 gongar om en kan seie det slik. HIL tapte fyrste kampen mot Haugen 3-0. HIL leverte inn protest på at Haugen hadde brukt en "ulovleg spelar" og krinsen støtta HIL i deira syn på saka. Haugen anka til fotballforbundet, men dei gjorde ikkje om vedtaket til krinsen. Dermed omkamp på nøytralbane. Denne kampen vart spelt seint på sesongen og vart faktisk avgjerande for at HIL sikra seg opprykket og seinare KM-tittelen.
Håkon Raftevold scora 4 av 5 mål i omkampen som gjekk på Loen Stadion. HIL vann med som sagt sone 3 og spelte om KM tittelen mot dei to andre sone vinnarane Vik og Førde. HIL vann 2-1 over Vik og spelte 1-1 mot Førde og det heldt til KM tittel ettersom Vik og Førde spelte uavgjort 1-1.
Dette var 5 divisjon, eller det som tilsvara dagens 4 divisjon.
Bak frå venstre:Ståle Hatlelid, Steinar Ringdal, Ottar Lødemel, Nils Haugen, Håkon Raftevold, Lars Lunde og Lars Taraldset.
Framme frå venstre: Knut O Lødøen, Arild Seljeset, Knut Lillestøl, Mathias Lunde og Magnar Lødemel. |
|
|