Før kampen HIL - Sandane

På laurdag møte HIL sitt herrelag Sandane. Kampen går kl.15.00. Vi kjem tilbake med meir om kampen seinare, so i myljatidene kan du lese kva "ekspertane" trur og meinar. Dei vart stilt desse 3 spørsmåla: 1. Kva tykkje du starten på sesongen for HIL? 2. Neste motstandar er Sandane på laurdag, HIL har heimebane, kva trur du om den kampen? 3. Kvar trur du HIL endar på tabellen når sesongen er over? Oddvar Espe ( Primus motor, inidøl og kraftmann) har denne oppfattninga om HIL sitt herrelag so langt i 2007. 1. Starten på årets sesong har vore brukbare, men vi har vel ikkje heilt hatt marginane på vår side. Både mot Årdal og Jølster heime kunne det ha blitt seier. Bortestatestikken så langt skal vi no ikkje klage på. 2. Sandane er ein motstandard som Honndalen ikkje møter så ofte, dei har stort sett vore litt høgare i divisjonssystemet. Hugsar tilbake til 1990 sesongen (!) då eg hugsar at vi spelte ein god kamp heime og slo dei 3-1. Eg trur det er fult mulig å gjenta det no til helja. 3. Eg trur at vi endar opp rundt midten av tabellen. Lag som Skavøypoll, Sandane og Selje har svært gode treningsforhold og dei blir sikkert sterke. Men eg har god tru på årets 4. divisjonslag. Lykke til på laurdag. Rolf Kobberstad (kjent visesangar, damenes og kokk) har desse tankane om HIL sine prestasjonar so langt. 1. Starten på sesongen har ikkje vore som forventa, laget burde vore lenger oppe på tabellen, hvis det er ønskeleg kan eg godt møte i garderoba før kampen for litt brifing av spelarane, eg trur det ligg på det mentale plan, so treng de mi eksperthjelp er det berre å ta kontakt. 2. Sandane må vi slå heime for å henge med, og med rett instilling skulle ikkje det vere noke problem, men kvar og ein må gå i seg sjøl, og yte maks innsats i 90 min. 3.Med mi eksperthjelp vil dei vere med å kjempe blandt dei 3 beste laga i divisjonen.Det heile handlar om å gå i seg sjøl, og få ut det beste, det gjeld både trenarane og spelarane. Stig Høynes ( Driv landets beste fotballside, god fotograf og ein dekel i hesteskokasting) har desse tankane om HIL so langt i 2007. 1. HIL ligg omtrent midt på tabellen etter fem spelte kampar, og det er vel omtrent som forventa. Eg har sett heimekampane til Hornindal mot Jølster og Årdal 2, som tilsammen har resultert i berre eit poeng. I kampen mot Jølster leia Hornindal 2-0 og burde rodd i land tre poeng, men i staden for seier så enda det med tap 3-2. I kampen mot Årdal 2 var Hornindal det beste laget, og burde tatt tre poeng. Med full pott i desse to kampane hadde faktisk Hornindal vore med å kjempe i toppen på tabellen. Hornindal har spelt to sterke bortekampar til no denne sesongen. 5-1 seier mot Askvoll/Holmedal og 0-0 mot Vik er over all forventning. 2. Trur Sandane blir for sterke for heimelaget laurdag, og vinn 4-1. Trond Vegard Ripe blir "man of the match" med tre scoringar. 3. Trur Hornindal endar på den 6. plassen dei ligg på i skrivande stund.