Referat frå herrekampen HIL – Sandane 26.05.2007
Laga:
Hornindal:
Keeper: Sondre Grodås
Midtstopparar: Lars Ove Rake og Jan Rune Opheim
Venstre back: Martin Seljeset
Høgre back: Rasmus Gausemel
Sentral midtbane: Tarjei Lødøen og Morten Taraldset
Venstre midtbane: Ole Christian Nygård
Høgre midtbane: Per Otto Lien
Spisspar: Jan Azar Karadas og Eivind Grodås
Reservar: Anders Elling Kristensen og Mats Holvik.
Sandane sitt lag:
Nr 1: Øystein Ellingvåg
Nr 2: Ingmar Sægrov
Nr 3: Vegard W. Hansen
Nr 4: Ingar Sårheim
Nr 5: Ole Johan Skrede
Nr 22: Erlend Ø. Laurhammer
Nr. 7: Aleksander Egge
Nr. 8: Bjarte Skaaden
Nr 18: Trond V. Ripe
Nr 11: Vidar Apalset
Nr 17: Ruben Wie
Reservar: Jørgen Veien, Sigmund Anderus, Kjetil Myklebust, Arild Horntveit
Været på Hornindal stadion er ikkje heilt som det burde i dag, med regn og overskya, men vi ser moglegheita for delvis skya opphaldsveir utover kampen.
Klokka er 15:00 og laga stiller opp og er klare for kamp.
1. min: Jan Azar spelar fram Eivind som spurtar framover. Keeper er nede og reddar, men ein stor sjanse i opningsminutta.
4 min: Nok ein sjans til Hornindal, men Eivind blir nok litt for ivrig og spring ned Sandane sin keeper.
5 min: Morten har allereie byrja å diskutere med dommaren, etter det han meina var ein feil dommaravgjerdsle.
6 min: HIL rullar opp på høgrekanten med Per Otto i spissen. Det lange militæropphaldet ser ut til å ha gjort godt!
8 min: Sterkt av oppheimen, som avklarerar ein halvfarleg situasjon.
12 min: Aiai. Jan Azar blir spelt gjennom av Eivind Aleine mot keeper, kepper får skubba ballen til corner.
15 min: Ole med ein grei sjanse, ballen går utanfor. På stadion har vi gitt opp håpet om delvis skya opphaldsveir, no er det direkte sklitaklingsveir og mykje nedbør.
24 min: Hil er til no det beste laget, får i same slengen nokre skumle cornerar, utan at det gir resultat.
34 min: Hornindal stadion er i ekstase! Eivind Grodås spring ballen i mål. Men dessverre blir det avblåst for offside.
!! 35 min: Scoring 0-1 Sandane. Det ser ut til frå sidelinja, at HIL spelarane trudde ballen var ute av spel, (?) men det hadde i så fall ikkje dommarane fått med seg, Sandane utnyttar sjansen og scorar, stillinga er 0-1 favør bortelaget.
38 min: Sandane i nytt angrep, Saksespark frå 17 meter, går over. HIL ligg lågt på bana no.
43 min: Sandane pressar godt ein periode, sondre Grodås med feberredning på eit skudd frå hjørnet av 16 meteren.
46 min: PAUSE!
2. Omgong:
50 min: frispark HIL i brukbar posisjon til inlegg ca. 35 meter. Ballen går inn i feltet til Jan Azar som tek ein runde og får avslutta på mål, ceeper reddar.
51 min: Martin med eit kanonskot frå om lag 30 meter!! Det var stor fart på den ballen der, en den lange avstanden gjer at keeper likevel får tid til å reagere.
55 min: Eivind er på eit fint løp, får avslutta frå ca. 15 meter, like utanfor mål
57 min: Skummelt angrep av Sandane, men Jan Rune får stoppa ballen på strek med storetåna!
60 min: Bytte: Anders Elling inn for Per Otto
61 min: Ny feberredning av Sondre!
62 min: Gult kort til nr. 5, Ole Johan Skrede på Sandane.
63 min: Mølje i feltet framfor Sandane sitt mål, keeper får redda avslutninga.
65 min: Sondre på tur i sitt eget felt, men hentar seg godt innatt og får redda .
!!! 66 min: MÅL!! Utlikning på Hornindal stadion Jan Azar Karadas blir spelt gjennom, legg ballen forbi keeper, som går feil veg, og i venstre hjørne! Godt spel av Jan Azar!
67 min: Eivind spring som ein helt for å nå ballen på høgresida, og det gjer han , får lagt inn til Morten som avsluttar, ballen fer over mål! Ein god periode av HIL, og publikum er særs optimistiske.
68 mi