Status 4 divisjon pr.27 mai

Då er sesongen komt godt i gong og det er begynt å vise kven som vil kjempe i toppen eller i botnen av divisjonen. No ser vi nærmare på motstandarane. Sjøl om det er månge poeng igjen å spele om og plasseringane kan endre seg i løpet av eit få tal kampar trur eg at det blir Skavøypoll, Selje og Sandane som vil kjempe om dei 2 opprykksplassane. Eg held Lærdal som ein sterk "outsider" dei kan blande seg inn i kampen om opprykk viss dei held fram den gode trenden. Alle laga vil få merke at Lærdal ikkje er komt til 4 divisjon for å leike. Jølster kjem til å ende på 5 plassen. Dei er ikkje sterke nok til å henge med heilt i toppen. I botnen er det pr i dag HIL, Vik, Årdal2 , Førde2 og Askvoll/Holmedal som ligg. Den utsette 10 plassen (kvalikk) er det desse laga som må gjere opp om. Årdal og Førde er lag som ein aldri veit kvar en har dei, pga spelartilgong frå sine 1-lag veit vi aldri korleis dei stille seg, men begge laga vil klare å holde seg vekke frå 10 plassen. Vik er ikkje so gode som frykta så dei må krige på skal dei unngå siste plassen. Askvoll/Holmedal er dei som ligg sist pr.i dag, men det kan forandre seg fort. Får dei marginane med seg kan dei fort kapre en del poeng. Både heimetapet mot oss (5-1) og i går mot Selje kunne fort ha blitt siger om dei hadde hatt margina med seg. Mot oss hadde dei fleire 100% sjansar som dei ikkje greidde å utnytte og dei kunne faktisk ha punktert kampen før HIL kom i gong. Dei bør absolutt ikkje undervurderast og det trur eg månge skal få merke på HILvang. Uansett så er mitt tips at Askvoll/Holmedal og Vik kjem til å måtte gjere opp om 10-ande plassen. Så det ser ut til at vi får ein veldig spennande sesong i år og vi satsar på at HIL kan begynde å plukke poeng på heimebane igjen. PS! Dette er mine synspunkt så får vi sjå i slutten av September om det slær til eller ikkje. Neste hinder i poengkampen er Selje. Kampen går i Selje fredag kl.19.00. Slik ser tabellen ut etter helgas serierunde.

 

1 Skavøypoll      5 4 1 0 16-3  13  
2 Selje           6 3 2 1 13-9  11  
3 Sandane         5 3 1 1 11-7  10  
4 Jølster         5 3 1 1 10-10 10  
5 Lærdal          5 2 2 1 10-6   8  
6 Hornindal       6 1 2 3 10-11  5  
7 Vik             6 1 2 3  6-14  5  
8 Årdal 2         6 0 4 2  5-9   4  
9 Førde 2         5 0 3 2  5-9   3  
10 Askv./Holmedal 5 1 0 4  7-15  3