Dale - HIL 7-0 (Damer)

HIL sitt damelag fekk sekken full av Dale i dag. En del personlege feil ødla kampen for damene. Dale scora tidleg i kampen og dei ga seg ikkje før dei hadde putta det sjuande like før full tid. Det mest gledlege er at damene ikkje mista motet sjøl om motstanderen putta mål etter mål. HIL hadde mykje av spelet i kampen, men Dale var både mest aggressive i duell spelet og dyktigast framfor mål og vann fullt fortjent. 13 damer og 1 trenar tar av seg hatten for dei, men når dei kjem til Honndalen 3 august skal dei få ta den långe turen heim uten poeng!!! Ikkje sant jenter?;) HIL starta med desse 11: Johanne Espe Helene Maurset Beate Lødemel Hilde Nordnes Iselin Myklebust Gunlaug Tenden Marie Ingeborg Espe Cecilie Michaelsen Maria Sollid Randi Sollid Ivrine Kristensen Innbyttarar: Linda Kristin Tomasgård Terese Nygård Cecilie Michaelsen spelte i dag sin siste kamp for HIL. Ho flytta no til Bergen for å ta til med ny jobb utfordringar der. Vi takkar Cecilie for no, men håpar at ho kanskje dukkar opp på ein kamp eller to til før sesongen er omme;)