Generalsponsor:
Web-løsning:
Sponsorar:
|
|
HIL sine damer tapt som kjent 3-2 for Førde.
HIL tok leiinga 1-0 ved Ivrine Kristensen og det var stillinga til pause. HIL hadde fleire store sjansar bla vart ei heading frå Hilde Nordnes redda på strek. I tillegg vart HIL snytt for eit straffespark når Maria Susann Sollid vart stoppa innanfor 16meteren. Dette innrømma dommaren til Maria seinare i kampen.
Førde var giftig dei få gongane dei slapp til, men keeperen vår Anne Marte Espe rydda opp det som kom.
2 omg.er 2-3 min gammal når Førde utliknar. Honndalsdamene reise seg og humøret når uantehøgde når Iselin Myklebust bankar inn 2-1 målet og sender HIL i føringa igjen, men Førde har ein spelar som lagar meir enn nok trøbbel åleine nemleg Oumy Wie. Ho har assist på 2-2 målet og minuttet seinare scora ho 3-2 og Førde har snudd kampen. Dette er noko dei gjer med 10 spelarar på bana!!
Alt i alt er dette ein kamp som HIL burde klart å vunne. Uheldige feil i forsvar samt at spissane ikkje er dyktige nok i avsluttningsfasen gjer at Førde kan reise heim med 3 verdifulle poeng.
Desse spelte frå start:
Anne Marte Espe
Helene Maurset
Beate Lødemel
Hilde Nordnes
Iselin Myklebust
Gunlaug Tenden
Marie Ingeborg Espe
Rosmari Heggen
Maria Susann Sollid
Ingrid Maurset
Ivrine Kristensen
Innbyttarar:
Terese Nygård
Randi Sollid
Nathalie Heggen
Marte Gausemel
Samuline Seljeset
Johanne Espe
Neste kamp for damelaget er borte mot Bremanger 10 juni.
|
|
|