og litt om herrekampen

HIL sitt herrelag tapte fredag 3-1 mot Selje. HIL heldt Selje til 1-1 til det var spelt 86 min, men då putta Andre Kupen ballen i mål og 5 min seinare scora same mann 3-1. HIL hadde sine sjansar i kampen, men i følge OC Georcelin ville det vore eit ran om HIL hadde fått med seg poeng frå Selje. Terje Haugen Øye scora HIL sitt mål rett etter sidebytte når han då utlikna til 1-1. HIL stilde med desse frå start: Sondre Grodås Jan Rune Oppheim Tarjei Lødøen Lars Ove Rake Rasmus Gausemel Erlend Nordnes Morten Taraldset Per Otto Lien Ole Christian Nygård Eivind Grodås Frank Hool På benken: Terje Haugen Øye Kim Runar Heggen Marius Flo Neste kamp for HIL er fredag 8 juni kl19 mot Skavøypoll i Honndalen.