HIL - Skavøypoll 4-3 (herrar)

HIL sitt herrelag tok ein etterlengta 3-poengar i dagens kamp på Hornindal Stadion, og det mot toppkandidat og opprykksfavoritt Skavøypoll. Skavøypoll kom til Honndalen for å vise at forrige helgs 1-1 kamp mot Askvoll/Holmedal var eit arbeidsuhell, men det skulle vise seg at det kanskje ikkje var det!? HIL starta med desse spelarane: Sondre Grodås Morten Taraldset Jan Rune Oppheim Rasmus Gausemel Martin Seljeset Jan Azar Karadas Erlend Nordnes Terje Haugen Øye Ole Christian Nygård Eivind Grodås Tarjei Lødøen Benken: Lars Ove Rake Anders E Kristensen Håvard Sollid Kim Runar Heggen Det var ikkje spelt meir enn 2 min før Skavøypoll tek leiinga. Stian Åmelfot headar inn ein perfekt corner. HIL heng ikkje med i det heile i 1.omg og Skavøypoll pressar på og dei kunne fort ha scora fleire mål og faktisk avgjort kampen allereide i 1 omg. Men ballen går alle andre plassar enn i mål,men til slutt etter stort press mot HIL sitt mål går dei går opp til 2-0 ved Øystein Weltzien. Litt ut i omgongen reduserar Terje Haugen Øye før Skavøypoll er frampå og puttar endå eit mål og dermed 3-1 til pause når Kim Andre Gangeskar scorar. Kva trenarduoen Grodås/Taraldset eller sportsleg leiar Bakka seier eller gjer med gutane i pausen er for underteikna uvisst. Har Taraldseten vore frampå med litt konnjøl? Eller har Bakka putta laks i gutane? For makan til forvandling skal du leite lenge etter!!!! HIL kjem på bana og for en omgong. Det er vertfall årsbeste!!! HIL reduserar ganske kjapt til 3-2, Eivind Grodås viser kva han er god for og puttar ballen sikkert i mål. 3-3 kjem også ved Eivind Grodås. Den guten knuse alle i duella om han berre vil. Herved er alle motstandarar advart. 4-3 scorar Terje Haugen Øye til enorm jubel på Hornindal Stadion. Skavøypoll har sine sjansar,den største av dei reddar Sondre Grodås med ei fantastisk beinparade. Det er vel det ein trygt kan kalle ei matchvinnarredning. HIL kunne også putta fleire ballar i mål. Jan Azar, Ole Christian, Terje og Eivind kunne alle putta ballen i mål. Oppsummering: Laga hadde kvar sin omgong på Hornindal Stadion i dag. Skavøypoll var klart best om ikkje omtrent åleine på bana i 1 omg og HIL eigde 2 omg. Sett med Honndalsauge ein flott siger, der spelarane viser ein fantastisk moral i 2 omg og snur kampen frå 1-3 til 4-3!!! Kjekt å sjå Håvard Sollid tilbake på bana etter eit trasi skadeavbrekk. PS! I dag var det ikkje overskya oppholdveir, det va SOL og referatteamet var ikkje tilstades;)