Bremanger - HIL 6-3 (damer)

HIL sitt damelag tapte i dag 6-3 mot Bremanger på Bremanger Stadion. Bremanger var det klart beste laget og vann fortjent. Strengt tatt var Bremanger nærmare to siffra enn at HIL hadde fortjent eit mål nr.4. Mot spelets gong tek HIL leiinga. Rosmari vert felt og dommar dømmer korrekt straffespark. Rosmari sett straffa kontant i mål. Ei lita stund etter får Bremanger straffe og dei utliknar like kontant. Bremanger har i løpet av 1 omg 3-4 skudd i tverrleggar. HIL klarar likevel å gå opp til 2-1 når Rosmari sett eit frispark frå 20 meter rett i mål. (Flott prestasjon) Deretter scorar Bremanger 2 mål og leda veldig fortjent til pause. Det mest dramatiske i kampen skjer når Synne pådreg seg ei nakkeskade etter at ho blir skubba i det ho har klarert en ball. Synne fekk på nakkekrage og vart sendt med ambulanse til sjukehus på Eid for CT-undersøkelse av nakken. Vi kryssar fingrane for at det ikkje var alvorleg og kjem tilbake med meir når vi veit meir. 2 omg startar som fyrste omg. Breanger pressa HIL långt tilbake på bane og vi slit stort. Bremanger går opp i 5-2 leiing før HIL reduserar til 5-3 10 min før slutt og nok ein gong puttar Rosmari ballen i mål på eit frispark frå 18-20 meter. HIL kunne faktisk fått eit fjerde mål like etter, men det ville ut ifrå spel og sjansar vore langt over det fortjente. Like før full tid puttar bremanger 6-3 og kampen er over. Alt i alt ein veldig fortjent siger til eit godt Bremangerlag. Eg vil uansett skryte av jentene som ikkje gjev opp sjølv om det buttar litt i mot for tida. Det kan berre gå en veg jenter, STÅ PÅ!!!!;) Desse starta for HIL (4-4-2) Nathalie Heggen Terese Nygård Synne Mårstøl Hilde Nordnes Helene Maurset Ingrid Maurset Marie Ingeborg Espe Beate Lødemel Gunlaug Tenden Maria Sussan Sollid Rosmari Heggen Innbyttarar: Ivrine Kristensen Samuline Seljeset Marte Gausemel (alle spelte) Neste kamp for HIL er fyrst komande fredag mot Sandane på Hornindal Stadion.