Generalsponsor:
Web-løsning:
Sponsorar:
|
|
Då er vi klar for ein ny runde med Før kampen.
Denne gongen er det 3stk som på kvart sitt vis har følt Honndalsfotballen i gjennom oppturar og nedturar.
Dei har blitt stilt desse spørsmåla:
1.
Kva tykkje du om sesongen so långt?
2.
Kven er det best og det svakaste laget i divisjonen sett med dine auge?
3.
Kva vert resultatet i kampen Søndag? og kvar hamna HIL på tabellen ved
sesongslutt?
Knut Ove Grodås (talentmakar, bankmann og økonomisjef i GC) trur dette:
1
Så langt tykkjer eg at Honndalen har prestert mindre enn dei er gode for.
Kanskje har dette med at det er eit svært ungt lag og at det tek litt tid
for unge spelarar å skjønne kva som skal til og korleis. Eg vil tru at
fleire av dei unge spelarane anten har fått seg ein aha-opplevelse, eller
vil få det i løpet av kort tid.
Det viktigast i så måte, for oss som er foreldre, tilskodarar, lagleiarar og
spelarane sjølve, er å vere tålmodige. Samtidig er det viktig at også
lagleiarane dreg fram det som er positivt i kvar trening og kvar kamp, og på
den måten gjev spelarane sjølvtillit. Kanskje er det sjølvtilliten (trua på
at dei kan vinne og på eigne ferdigheiter) som ikkje har vore sterk nok hos
alle.
2
No har eg ikkje sett alle laga i divisjonen, men vil nok tru at Sandane er
det sterkast og at Askvoll/Holmedal er det svakaste. Tabellen stemmer nok
den!
3
Med kampen mot Skavøypoll i minne, så har eg tru på siger i Førde. Då med
føresetnad av at spelarane dreg med seg sjøltilliten dei fekk i den kampen.
For 2. omg. mot Skavøypoll var veldig bra.
Eit tips mot Førde 2 er å vere endå tettare i duellane og tidlegare i
ballførar i midtbaneleddet. Altfor mange ballar kom heilt bak til backane
før vi erobra ballen. Breakdown må altså skje i midtbaneleddet. Dette krev
spelarar med løpsstyrke og at dei passar på å vere på rett plass når
motstandar har ballen. 2. om. viste at vi har desse spelarane.
Så må angriparane vere flinkare til å starte løpa tidlegare og ikkje vente
til at ballen er spelt, men starte og bli spelt på. Initiativ altså!
Eg har vel tippa at Honndalen kjem på 4. plass, og det har eg tru på enno.
Lukke til i Førde. De kan viss de vil!!
Terje Flåm (storscorar, snikkar og trufast publikumar(i år)) trur dette:
1.
Hil har åpna litt fomlande utifra tabellen men dei har spelt mange javne
kamper, men har ikkje hatt marginane på sin side. Det er veldig kjekt å sjå
på laget for det er veldig mykje bra og fint spel. Så eg håper at det
løssnar snart og at ballen rullar i HIL sin favør snart. Stå på gutta.
2.
Har ikkje fått sett alle laga i aksjon enno, men det virka til å vere ein
javn divisjon. Og HIL greier godt å bite fra seg. Dei har eit godt samansatt
lag, så plaseringa på tabellen lyg litt me tanke på kva som bor i laget her
meiner eg. Bare å stå på poenga kjem....
3.
Mitt tips er 4-1 til gutane på søndag. HIL har alltid vore eit haustlag så
eg trur at dei vil ta heim mange poeng utover. Har tru på gutane så tippar å
håpar at dei vert å finne blandt topp 5..
Ønskar Gunnar og gutane lukke til på kampen søndag.. STÅ PÅ for 3 poeng.
Geir Ove Fagerheim (eks stor talent, student og speakarson) trur dette:
1.
Sesongen sålangt har vært på det jevne resultatmessig. Hornindal er tippet til å kjempe fra midten og ned og det er der dei har havnet. Et lyspunkt sålangt er borteseieren mot Askvoll/Holmedal. En kalasseier med flott sluttresultat, så håper resultatet var fortjent! Grunnen til at eg ikkje nevner skavøypoll-kampen som et høgdepunkt er at den berre viser kva laget er i stand til med rett innstiling. Så sjølve seieren vitner om dei samme sykdomssymptomene som laget hadde ifjor - kvar er den innstillingen mot dei antatt svakere la
|
|
|