Referat frå damekampen HIL - Florø

Nada Lagoppstilling Hornindal: Keeper: Synne v. back: Helene Maurset h. Back: Linda Kristin Tomasgård midtstopparar: Beate Lødemel & Maria Susann Sollid v. ving/midbane: Randi Sollid h. ving/midbane: Marie Ingeborg Espe sentral midbane: Rosmari Heggen & Hilde Nordnes Spisspar: Gunlaug Tenden & Ivrine Marie Kristensen 7 min: 1-0 til Florø, ein dårleg start for heimelaget 9 min: Dommaren prøver ved fleire høve og involvere seg i spelet. 15 min: Florø har dominert banespelet, men det virkar som HIL er på veg til å involvere seg meir. Det har ikkje vore nokon store målsjansar til nokon av laga sidan målet kom. 22 min: Natalie heggen varmar opp på sidelinja. 23 min. Corner (hjørnespark) til Florø, resultatet uteblei. 28 min: Ein liten kunstpause (drikkepause) 38 min: Ein halvsjanse til HIL, men avslutning blir litt for laus, (eller skal det vere høg) 42 min: Ivrine ut med skade, Natalie inn. PAUSE!.. Florø ledar 1- 0, etter ein omgong utan dei heilt store sjansane. 2. omg. 47 min: Halvsjanse til HIL, men keeper reddar fint. Ellers kan det nevnast at redaksjonen kunne ha behov for ei bærbar datamaskin, evt. ei skrivemaskin med rettetast, for handskrifta til Kristian er til tider heilt håplaus å skjønne seg på… 50 min: Offside Florø, store protestar. 20 sek seinare skjer det samme igjen. 51 min: Flott prestasjon av Rosmari, skyt frå 20 meter, men keeper får redda ballen. 52 min: Frispark i god posisjon, Rosmari treff dessverre litt over målet. 59 min: Nesten sjølvmål, uvisst til kven… (manglande notat) 60 min: Bytte HIL Ivrine inn, Linda Kristin ut. 65 min: drikkepause? Like etterpå, sjanse til HIL ved Hilde, bra skot frå ca. 25 meter, men det går like utanfor. 75 min: Keeperen til Hornindal tar seg ei velfortent setepause. 76 min: Florø spelar fekk ballen, og hadde 4 sekund på å putte ballen i mål, med keeper som einaste hindring. Men presset blei for stort, og ballen gikk utanfor. (?) 85 min: 2 greie sjansar av Florø med omtrent 2 min mellomrom 87 min: Dommaren er nok ein gong i fokus, han har ei hoste for n’te gong 89 min: Dobbelsjanse til HIL. Først ved Rosmari på frispark so (utydelig skrift) 90 min: Sjanse til Florø, men dei bomma nok ein gong på mål. 92 min: Slutt! Florø vant komfortabelt 1- 0 Ellers må eg berre beklage viss det har snike seg inn misforståelsar, på grunn av dårlig skrifttyding. Håpar Kristian kan kommentere dei verste avvika i gjesteboka, om der skulle vere nokon.