Sondre Grodås reiser vidare...

Sondre Grodås (17) skal begynde på NTG i Oslo. NTG (Norges Toppidretts Gymnas) har som kjent eit nært samarbeid med Ski og Fotball klubben Lyn. Dermed blir vidare spel for HIL vanskelig for Sondre. Sondre skal ikkje spele for Lyn, men kjem etter all sannsynlegheit til å bli leigt ut til ein lokal 2-3 divisjonsklubb i Osloområdet. Men kven veit? Gjer Sondre sakene sine bra kan vi ha en ny Grodås på toppnivå i Norge. Trenarduoen Taraldset/Grodås har klart å få den gamle keeperkjempen Ola Sætren til og børste støv av både sko og hanska så han er klar for comeback når haustsesongen sparkast i gong. HIL-fotball takkar Sondre for jobben han har gjort dei siste åra som sikker sisteskanse for HIL sitt a-lag og ynskjer han lukke til med nye utfordringar i Oslo.