Generalsponsor:
Web-løsning:
Sponsorar:
|
|
Då er det like før haustsesongen startar og det er på tide med ei lita oppdatering om situasjonen for damelaget.
Damelaget ligg desidert sist på tabellen med 4 poeng so her kan det berre gå ein veg nemleg oppover;)
Det som har vore problemet for damelaget og kjem til å bli eit større problem er at mange spelarar bur vekke.
I vårsesongen budde desse vekke:
Beate Lødemel (Sogndal)
Nathalie Heggen (Ålesund)
Rosmari Heggen (Ålesund)
Kristine Vartdal (Førde)
Linda Kristin Tomasgård (Sogndal)
til haustsesongen vert dette problemet berre enda større når desse spelarane i tillegg reiser:
Gunlaug Tenden (Bergen)
Helene Maurset (Gjøvik)
Iselin Myklebust (Bergen)
Terese Nygård (Sogndal)
Johanne Espe (?)
Dermed har damelaget omtrent halve stallen spredd for alle vindar, men månge har signalisert at dei ynskjer å vere med på dei fleste kampane so det blir eit sterkt Honndalslag som stille til kamp.
Damelaget startar haustsesongen med heimekamp mot Dale fredag 3 august.
Kampen går på gamlebana kl.19.00
HIL har stortsett heile troppen disponibel, bortsett frå Ingrid Maurset (ferie Italia)
i tillegg er Terese Nygård og Rosmari Heggen usikre.
Vi kjem tilbake med endeleg spelartropp torsdag kveld. |
|
|