Status herrelaget før haustsesongen

Då nærma det seg og start av haustsesongen for herrelaget. Herrane startar haustsesongen med bortekamp mot Lærdal, søndag 5 august. Herrane har hatt ein variabel vårsesong, der dei har spelt jamt med dei fleste. Sure poengtap i sluttminutta (Jølster og Sandane) er eit par kampar der utfallet gjerne kunne vore betre(sett med honndalsauge). Lærdal er vel det laget HIL har sesongens klaraste og mest fortjente tap mot. Lærdal vann 4-1 då dei gjesta gamlebana i vårsesongen. Kanskje klarar vi å revansjere dette når vi gjestar Lærdal? HIL er det einaste laget som har vunne over topplaget Skavøypoll. Det fortel at her bur mykje i laget om en berre vil og orkar. Litt forandring i spelarstallen blir det og: Sondre Grodås (bildet)reise snart til Oslo for å studere, Kjetil Svarstad har slutta og Ole Christian Nygård skal i militæret. Nye spelarar er: Ola Sætren, ny keeper. (Comeback) Anton Andre Sande på utlån frå Stryn. Anton Andre er speleklar til søndagen kamp mot Lærdal. Vi kjem tilbake med troppen og litt andre opplysningar på laurdag.