Generalsponsor:
Web-løsning:
Sponsorar:
|
|
Harald Lødemel og Raufoss har fått en god start på haustinnspurten i adeccoligaen.
I dag møter dei Moss på Melløs Stadion i Moss.
Her kan det lese litt om kva Harald trur om haustjakta og kva tankar han har om framtida.
Hei!
So er vi igang med haustsesongen. Haustjakta.
Dei fleste fotballklubbar i Noregs langstrakte land brukar å stoppe litt opp
og sjå tilbake på kva som har gått bra eller kva som har vore mindre bra på
denne tida av året. Spelarar kjem og går.
Laga som slit litt vil ofte ha ein målgarantist, og laga som har gjort det
bra vil gjerne forsterke med nokre "stallspelarar" i tilfelle ubeleielige
skadar og karantener skulle oppstå..
Fotballen har endra seg med åra, no er det ikkje berre i dei øverste
divisjonane klubbane er på friarferd midtvegs i sesongen. Også i dei lokale
divisjonane skiftar spelarar beite når frustrerte klubbleiarar på poengjakt
i kamp mot opprykk eller i gud forby, nedrykk tek kontakt. At spelarar i
framtida vil skifte klubbar i eit større tempo enn i tidlegare år er eg
temmeleg sikker på. Slik er samfunnet blitt. Fotballen gjenspeglar
arbeidslivet der det er blitt vanleg med å endre karrierevegen på ein heilt
annan måte enn i tidlegare generasjonar. Som far så sønn har ikkje same
betydning no som før.
Likeeins som i Honndalen har det gått litt i motbakke på Raufoss. Honndalen
visste kva dei gjekk til nivåmessig sidan dei og var i 4.div i fjor, det
gjorde ikkje vi.. Vi hadde to sesongar i 2.div. og trudde nivået i
Adeccoligaen var omlag som det vi forlot. Der tok vi grundig feil..
Nivået har auka betrakteleg. Mediapengar og store budsjett har gjort at
utviklinga har vore enorm. Ikkje først og fremst ferdigheitsmessig, men i
tempo og i fysisk godt trente spelarar. Dei betra økonomiske rammevilkåra i
klubbane har gjort at ein har oppnådd ei profesjonalisering internt i den
enkelte klubb som har gjort at spelarane i dei fleste klubbane framstår som
dei reinaste atletar!
Det er nesten slik at ein berre må lukke auga, springe og håpe på det
beste..
For Raufoss sin del har sesongen vore omlag slik eg hadde forventa. Det blir
ein kamp om å overleve. Vi har få rutinerte spelarar som har spelt på dette
nivået tidlegare. Og som eg tidlegare har nevnt er haustjakta igang. Vi er
på leit etter forsterkningar. Og når ein ligg utsatt til på tabellen er det
rutine ein søker. Alltid. Hårband og gele er ut, skjegg og utslått tanngard
er inn.
Slik er det og slik vil det alltid forbli.
Vi har godt heng på laga foran oss på tabellen, vinn vi ein kamp eller to så
er vi i midtsona av tabellen. Men vi lever i ein trykkokar der poenga blir
kasta i alle retningar kvar helg, så kvar vi befinn oss når sesongen er over
er heilt umulig å forutsjå. Det er faktisk so jevnt at alt frå ein 14 plass
til ein 7 plass er realistisk.
Av forsterkningar har vi henta inn ein 36 år gammal svensk midtstoppar frå
Ørebro, trur han har dei flest jekslane inntakt.. Eit muskelberg ifrå
Ipswich, som skal lugge, knipe og gjerne slå.. Og som alle klubbar i heile
verden, og vi søker verkeleg i heile verden, etter ein spiss som scorar kvar
gang han har ballen..
For meg sjølv så har sesongen so langt vore prestasjonsmessig heilt ok. Har
for første gang på 3-4 år vore heilt skadefri og spelt alle kampane så
langt. Eg kryssar fingrane og håpar det vil vedvare. Eg har ei rolle i laget
som bindeledd mellom midtbana og angrepet i ei offensiv midtbanerolle.
Kva som skjer til neste år tar eg når eg ser kvar vi endar på tabellen. Eg
har bestemt meg for at eg ikkje flyttar meir på meg pga. fotballen. Med
andre ord så har eg planlagt å ta eit år til her på Raufoss om vi klarar å
halde oss i divisjonen.
Kvar fami
|
|
|