2 nye spelarar klar for HIL

HIL har i kveld signert 2 nye spelarar. Jan Erik Sandbakk og Andreas Drageset har bestemt seg for å hjelpe HIL i kampen om fornya kontrakt i 4.divisjon. Jan Erik har også vore innom Stryn, men fekk ikkje til å kombinere 3 divisjons spel i lag med ein krevjande jobb. Andreas har i ei årrekkje vore ein viktig mann for Loen så det er ikkje tvil om at desse to vil vere med å heve HIL i sesonginnspurten 2007. HIL sin sportslege leiar Steinar Bakka er veldig godt fornøg og takkar Anton Andre Sande ( og smugagent Frank Hool!! ) og Sverre Sæten for eit godt samarbeid i samband med signeringane. Jan Erik er klar til kampen fredag, medan Andreas Drageset sykle Birkebeinerrittet så han må vente ei veke på sin debut. Vi ynskjer dermed to nye loenspelarar velkomne til Honndalen.