Sandane - Hil 6-0

Det vart ikkje mykje å få med heimat frå Sandane i kveld. Heimelaget var best i det meste og eit redusert HIL lag vart gjort til statistar av eit opprykkshungrig Sandane lag. 3 mål i kvar omgång viste skilnaden mellom topp og botn. HIL må gå i seg sjølv, her er mykje rusk i maskineriet, og skal ein sleppe den tunge vegen ned i 5 divisjon bør ein snart starte og brette opp skjortearmane og spele som menn. Vi må håpe at HIL kan samle seg og kome sterkere tilbake allereide frå helga av når vi møter ein annan opprykkskandidat Selje.