Sandane - HIL 1-2 (damer)

HIL sitt damelag tok i deg sin fyrste bortesiger for sesongen. Alt i alt ein fortjent siger der begge laga fort kunne scora månge fleire mål. HIL hadde aller flest og størst sjansa. Godt fornøgde jenter etter kampslutt:) HIL gjekk opp i leiinga etter ca.18 min spel når Marie Ingeborg Espe styre ein presis corner frå Ingrid Maurset i mål. 1-0!!! Dette var også pauseresultatet. HIL stilde med desse frå start: Anne Marte Espe Marie Ingeborg Espe Hilde Nordnes Linda Kristin Tomasgård Gunlaug Tenden Nathalie Heggen Beate Lødemel Rosmari Heggen Terese Nygård Ingrid Maurset Ivrine Kristensen Innbyttar: Samuline Seljeset I pausen bytte HIL målvakt. Nathalie Heggen tar over keeperplassen og Anne Marte tar over Nathalie sin plass på høgre midtbane. Sandane utlikna til 1-1 drøye 10 min ut i 2.omg. Før Ingrid Maurset etter fint forarbeid av Anne Marte Espe banka inn 2-1 målet. Denne kampen kunne fort bikka i disfavør HIL, men underteikna meinar at HIL alt i alt vann fortjent sjølv om Sandane hadde nokre skumle sjansar. Dei to målscorarane!!! Ann Kathrin gjor en god jobb som linjedommar i regnveiret på Sandane Stadion.