Herrane møter Selje

På fredag er det på ny duka for kamp på gamlebana. Denne gong er det Selje og Idar Taklo sine disiplar som entrar bana. HIL har dei seinaste kampane hatt problem med mannskapsmangel, men dette har retta seg litt, men allikavel er det eit litt redusert HIL lag som stiller til dyst fredag. Desse er klar: Anders Elling Kristensen Andreas Drageset Anton Andre Sande Eivind Grodås Frank Hool Håvard Sollid Jan Erik Sandbakk Jan Rune Oppheim Kim Runar Heggen Martin Seljeset Morten Taraldset Ola Sætren Rasmus Gausemel Tarjei Lødøen Usikker: Sindre Fannemel Lars Ove Rake (sjuk) Udisponible: Jan Azar Karadas (reise) Per Otto Lien (skada) Ole Christian Nygård (militæret + mangla sko) Erlend Nordnes (studie) Vi ser at klippen i forsvaret Lars Ove Rake er sjuk. Vi kryssa fingrane for at han vert frisk til fredag, men slik det ser ut no spelar han ikkje kampen på fredag. Selje er med i kampen om opprykk til 3 divisjon og kan ikkje skusle vekk 3 poeng i Honndalen på fredag. Kampen har avspark kl.19.00 og vi i HIL-fotball oppfordra folk til å møte opp og støtte HIL i kampen om livsviktige poeng. PS!! Mykje tyder på at Andreas Drageset kjem til å få sin debut i Honndalsdrakta på fredag.