Generalsponsor:
Web-løsning:
Sponsorar:
|
|
Det er no berre timar att til HIL entrar bana for å møte topplaget Selje.
Underteikna tok seg ein tur på besøk til Håvard Sollid for å sjekke nervane før morgendagens viktige kamp.
Håvard er ein påliteleg gut og er ikkje den som herjar halve natta før ein viktig fotballkamp.
Kl.21.30 er eg på besøk, Håvard er akkurat ferdig med tannpussen og klar for å legge seg. Grei som han er tar han seg tid til ein prat før han legg haude på puta for å helse på Jon Blund.
Korleis er formen Håvard?
Formen e helsika bra den. Du veit, eg ha no kondis på høgde med dei beste tippeligaspelarane. Skikarriera mi kan eg takke kondisen for. Husk på at eg va en fylkets største skitalent i mi årsklasse for nokre år sia.
Sjøltillit ha guten vertfall...
Korleis e handa di då?
Joda, den funka fint no... Vakje so ilt å bryte som en skulle tru,men det anbefalast ikkje.
Kva trur du om kampen i måra?
Eg trur det bli ein jamn og tøff kamp. Det bli kamp heilt til dommaren bels for full tid. trur faktisk det kan bli so spennande so då Oddvar Brå brakk staven.
Ja for det husk du?
Nja, eg såg det på sportsjukboks her en dag. Såg vertfall spennande ut.
(Kan nemne at Håvard e fødd i 89)
Kva trur du om dei sist ankomne spelarane? (Drageset og Sandbakk)
Før å seie det sånn... so va det jaggu på tide at vi fekk inn litt nye spelara. No ha det vore lite folk dei siste kampane. Nesten so eg frykta for at du Edvin og Fannjemelen skulle kome på bana igjen...
Satsa på at han Drageseten putta et elle to mål i måra.
Kva trur du resultatet blir i måra då?
3-3. Eg scora 3-3 målet i 89 min. Då kasta eg shortsen å spring på elva, berre vent å sjå.
Då gjennstår det å sjå om Håvard sine spådommar slær til og at han får seg et bad.
Det er berre å møte opp folkens og støtte Håvard&co i kampen på gamlebana i morgon klokka 19.00.
Vi takkar Håvard Sollid for at han tok seg tid til ein prat.
|
|
|