Generalsponsor:
Web-løsning:
Sponsorar:
|
|
HIL møtte som kjent Skavøypoll på bortebane i dag. Kampen enda med ein fortjent 4-2 siger til HIL.
Desse starta:
Ola Sætren
Tarjei Lødøen
Jan Rune Oppheim
Rasmus Gausemel
Martin Seljeset
Håvard Sollid
Morten Taraldset
Lars Ove Rake
Jan Erik Sandbakk
Anton Andre Sande
Eivind Grodås
Benken:
Andreas Drageset
Kim Runar Heggen
Olav Otterdal
Krister Seljeset (reservekeeper og supporter)
Gunnar Grodås
Per Maurset
Dei to sist nemde var ikkje aktuelle for å entre bana.
1omgong:
HIL det klart førande laget. Eit svak heimelag får ikkje spelet til å sitje. HIL er ved fleire høve farleg frampå.
Ola Sætren som slitt med ei vond skulder får ein smell i skuldra når han boksar ballen etter corner, men han klarar å fortette ut kampen.
Like før pause får HIL mål og tek leiinga 0-1. Eivind Grodås kjem gjennom og plasserar ballen mellom beina på heimelaget sin keeper Stig Herman Hagen. Hagen har tidlegare helt Poljen inne i kampen bla. når Eivind var åleine gjennom og sette ballen rett på han.
Skavøypoll får tatt avspark før dommaren bles til pause. Ei utruleg viktig scoring av unge Grodås.
2omg:
HIL er også i denne omgongen det klart beste laget. Allereide etter 3 min er Anton Andre Sande sender HIL opp i 0-2!!! Folk er rysta på Skavøypoll Stadion.
Nokre minutt etter scoringa får Skavøypoll ei riktig i dømt straffe. Jon Marius Granheim sette ballen sikkert i mål og ny spenning i kampen. HIL-leiren frykta kollaps, men HIL held fram med å presse Skavøypoll bak på bana, og når Lars Ove Rake headar ballen i ein fin bue over Stig Herman Hagen som er på bærtur i feltet eksplodera Honndalsleiren. 1-3 til HIL.
HIL har fleire sjansar til å få ballen i mål, men ikkje før i det 89 min får vi ei ny scoring. Anton Andre Sande scorar sitt mål nr 7 på 6 kampar for HIL og vips 1-4. Forarbeidet der Lars Ove Rake er nest sist på ballen er FANTASTISK!!! Klikk klakk fotball!!!
Skavøypoll reduserar til 4-2 i det 93 min ved Chris Nedreberg Silden, men sigeren var ikkje trua i det heile.
Fansen på tribuna hylla sine Honndalsidol og fekk ein lett og god tur heim til Honndalen.
Her takkar spelarane for støtta under dagen kamp.
Fakta:
Dommar: Torstein Kvam
Linjedommarar:?
Målscorarar:
0-1 Eivind Grodås 45min
0-2 Anton Andre Sande 48min
1-2 Jon Marius Granheim 51min
1-3 Lars Ove Rake 60 min
1-4 Anton Andre Sande 89 min
2-4 Chris Nedreberg Silden 93min
Anton er no toppscorar for HIL i lag med Eivind!!! |
|
|