Florø - HIL 1-3 (damer)

HIL sitt damelag tok i dag med seg 3 velfortjente poeng heim frå Florø Stadion. Kampen opna med eit solid overtak av HIL. Det tok nesten 13 min før vår keeper Anne Marte Espe var bort i ballen for fyrste gong. Etter 5 min sende Beate Lødemel avgårde eit skot frå 40 meter og Florøkeeperen fekk so vidt redda. Florø kjem meir med i spelet og etter ca 15 min har dei ei avsluttning frå 20 meter like over mål. Deretter har HIL månge sjansar spesielt på dødball, men det skulle bli Florø som scora fyrst. Ein feil i forsvaret føre til at Britt Leni Berge får ballen på 16 meter ho vende opp og chippar ballen i ei fin bue over Anne Marte Espe i Hil-målet og dermed leiar Florø noko ufortjent 1-0 til pause. I pausen bytter Nathalie Heggen og Anne Marte Espe posisjon. Dermed er Nathalie keeper og Anne Marte på midtbana. 2.omgong startar HIL med bra press og allereide i det 46 min skyt Ivrine like over. So har også Anne Marte og Ingrid Maurset sjansar til å score, men det vil seg ikkje. So tar Florø over og styre kampen i 10-15 før Ingrid utnyttar svakt keeperspel og utlikna til 1-1 i det 62.min. HIL har fått blod på tann og jagar fleire mål. Det skulle ikkje ta lenger enn 5 min før Anne Marte Espe sender HIL i leiinga 1-2 etter at keeper gjer retur på eit skot frå Ingrid. Dermed 1-2 og stor jubel i Honndalsleiren. HIL styre kampen akkurat no og får eit indirekte frispark på 5 meterstreken etter tilbakespel til keeper. Det klarar vi ikkje å utnytte. I det 80 min er Florø farleg frampå, men ei kanonredning av Nathalie Heggen hindrar baklengs i denne omg. Florø held fram å presse HIL bakpå, men dei får ikkje fleire mål. I det 90 min driblar Rosmari seg lekkert forbi 2-3 Florøspelarar og vert felt. Straffa set Rosmari sikkert i mål og HIL sikrar definitivt 3 nye poeng!!! Kampfakta: HIL starta med dette laget: Anne Marte Espe Marie Ingeborg Espe Kristine Vartdal Linda Kristin Tomasgård Maria Sollid Nathalie Heggen Beate Lødemel Rosmari Heggen Randi Sollid Ivrine Kristensen Ingrid Maurset Innbyttarar: Malin T Seljeset Marte Gausemel Samuline Seljeset (Alle spelte) MÅL 1-0 Britt Leni Berge 42 min 1-1 Ingrid Maurset 62 min 1-2 Anne Marte Espe 67 min 1-3 Rosmari Heggen 90+1 min Ingen kort. Dommar: Andreas Grøneng Her er dei tre målscorarane;) Vil gratulere jentene med ein velfortjent siger igjen. Flott jobba!!!!