Generalsponsor:
Web-løsning:
Sponsorar:
|
|
Etter at det vart klart at Askvoll/Holmedal tek den utsette siste plassen i årets 4 divisjon er spenninga no retta på kven som rykkje opp i 3 divisjon.
Topplaget før nest siste serierunde Skavøypoll har den desidert tøffaste oppgåva. Dei har igjen både Sandane(borte) og Selje(heime)
Jølster har den lettaste oppgåva(på papiret) borte mot Lærdal og heime mot Askvoll/Holmedal.
Men borteformen til Jølster kan spele dei eit puss. Jølster har kun 2 sigrar på bortebane i år og den eine kom mot HIL på idrettsparken i 1 serierunde.
Askvoll/Holmedal heime på golanhøgda bør vere ein parademarsj for heimesigersvande jølstringar.
Ask/Hol som ikkje har noko å spele for i denne kampen vil nok spare spelarar i fare for karantene i denne kampen for å unngå at sentrale spelarar må stå over kvalifiseringskampar i kampen om å unngå nedrykk. (synsing, men det er vel slik at en dreg med seg karantene inn i sluttspel/kvalik!?)Dermed, Jølster er fullt med i kampen om 3 divisjonsspel.
Selje har Årdal2 igjen på heimebane. Det bør vere 3 poeng for Selje. Deretter har dei Skavøypoll på bortebane. I det som kjem til å bli ein rein "opprykksfinale"
Vinnaren i denne kampen rykkje truleg opp.
Sandane har også tøft program, heime mot Skavøypoll og borte mot Førde2, men med tap mot Skavøypoll og siger til Selje og Jølster er Sandane ute av dansen og Førde2 kampen blir betydningslaus for Sandane.
Førde2 kan om resultata i sin favør blande seg inn i opprykkskampen før siste runde.
Førde sine nest beste har kamp mot oss denne helga og dei vil få kamp om poenga frå eit Honndalslag i gryande haustform.
Dermed folkens går vi mot ein veldig spanande innspurt og månge nerver er nok i høgspenn rundt om i fylket.
Det var litt synsing frå Honndalsleiren...
Vi ynskjer konkurrentane våre lukke til i kampen om plass i neste års 3 divisjon.
Slik ser dei to siste rundane ut:
Askv/Hol - Vik
Lærdal - Jølster
HIL - Førde2
Sandane - Skavøypoll
Selje - Årdal2
Førde2 - Sandane
HIL - Vik
Jølster - Askv/Hol
Skavøypoll - Selje
Årdal2 - Lærdal |
|
|